Det var ein stor dag for Norsk Fjellmuseum da kjortelen frå Lendbreen vart avduka laurdag.    

Arve Danielsen, Fjuken
Arve Danielsen, Fjuken

– Ein stor dag, sa May Bakken da ho laurdag ynskte velkomen til opninga av ei ny utstilling der den 1.700 år gamle kjortelen er hovudattraksjon. Saman med fylkesarkeolog Kjell Marius Mathisen avduka ho «Kjortelen frå Lendbreen».

Kjortelen frå Lendbreen vart funne 5. august 2011 i overkant av Lendbreen i Breheimen nasjonalpark på grensa mellom Lom og Skjåk. Kjortelen er det eldste bevarte klesplagget i Norge. Kjortelen er av lammeull og i svært god kvalitet. 

LES OGSÅ: Noregs eldste boge

Norsk Fjellmuseum og Klimapark 2469 samarbeider med Oppland fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Olso om det arkeologiske sikringsprogrammet. Takka vere dette samarbeidet er nokre av funna lånt ut frå Kulturhistorisk museum i Oslo til Norsk Fjellmuseum i Lom.

Utstillinga som opna laurdag er ein smakebit og etter planane skal ei ny hovudutstilling på Fjellmuseet stå ferdig i 2014, der funna frå isen vil blir hovudattraksjonen. Kjortelen vil vere å sjå i fjellmuseet eit halvt år framover.   

Les saka i Fjuken!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE