Fryktar sjølvskading kan smitta med blogging

Fagfolk fryktar at bloggarar som legg ut bilete av sjølvskading triggar andre unge til å gjera det same.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar sjølvskading kan smitta

– Særleg unge menneske er utsette for slike smitteeffektar, seier professor Lars Mehlum til Bergens Tidende.

Dagleg leiar i Landsforbundet for forebygging av selvskading og selvmord, Lena-Maria Haugerud, stadfestar same trenden.

– Det er stort sett innlegg som inneheld bilete som kan føra til meir sjølvskading, seier ho. Fleire pårørande har kontakta henne om problemet.

Avisa fortel at det ifølgje forskar Carina Fjellstad-Soelberg eksisterer ein konkurranse i nettmiljøet der det er om å gjera å vera sjukast og skada kroppen sin mest.

Men fleire peikar på at blogging også kan vera til hjelp for ungdom som skadar seg sjølve – dersom dei greier å sila ut innlegg som verkar tiggande.

– Dei som les og skriv slike bloggar kan finna trøyst i at det er fleire som opplever det same. Dessutan er det mange av dei som har klart å slutta. Dette kan gje håp for dei som framleis har problem, seier Lena-Maria Haugerud.

Ho får medhald av professor Lars Mehlum. Han peikar på at mange bloggar formidlar håp og hjelp til å meistra problemet.

– Det er ikkje først og fremst forma, men innhaldet som tel, seier han. (©NPK)