Her er alle dei nominerte til Amandaprisen.

NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Nominasjonane blei offentleggjorde på ein pressekonferanse i Oslo onsdag. Fagjuryen har nominert «Kon-Tiki» i åtte kategoriar, blant dei beste film, beste mannlege hovudrolle og beste regi.

– Årets filmar som er vurderte til Amanda er svært ulike og avspeglar breidda i den norske filmproduksjonen, seier juryleiar Bente Erichsen.

I kategorien beste kvinnelege hovudrolle er fire skodespelarar nominerte: Laila Goody og Ragnhild Hilt for hovudrollene sine i filmen «Som du ser meg», Maria Bonnevie i filmen «Uskyld» og Marie Blokhus for innsatsen sin i «Jag etter vind».

QUIZ: Den store bok-blir-film-quizen!

– Det var gledeleg mange gode og sterke kvinneroller i årets filmar, noko som ikkje har vore tilfelle dei seinare åra. Dei fleste av desse rollene er vaksne kvinneroller, noko me ikkje ser for ofte, seier Bente Erichsen.

I kategorien beste mannlege skodespelar stiller Pål Sverre Hagen («Kon-Tiki»), Bjørn Floberg («90 minutter») og Taher Abdullah Taher («Før snøen faller»).

Den 29. Amanda-prisutdelinga finn stad i Haugesund fredag 16. august.

LES SISTE FILMNYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE