Korleis var det å stemma i 1915?

Prøv den historiske valgomaten frå 1915!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prøv valgomat frå 1915!

Tenk deg tilbake nesten 100 år! Du skal stemme i stortingsvalet i 1915.

For første gang kan både kvinner og menn delta fritt i valet på det nye Stortinget. To år i forvegen hadde nasjonalforsamlinga vedtatt allmenn stemmerett for begge kjønn i Noreg. Kva ville du stemt viss du fekk lov å seia meininga di?

I den historiske valgomaten til Arkivverket kan du testa dei politiske haldningane dine mot sakene som det stod om i valkampen. Gjennom å ta stilling til 11 aktuelle påstandar frå valet i 1915, gir valgomaten deg eit tilrådd partival.

Start den historiske valgomaten!

Faktaboks

Ved stortingsvalet i 1915 var det direkte fleirtalsval i einmannskrinsar. Det betydde at ein stortingsrepresentant måtte få over 50 prosent av stemmene i valkrinsen sin for å bli valt. Blei det ikkje fleirtal i første valomgang, blei det gjennomført eit nytt val. Arbeidarpartiet som fekk 33 prosent av stemmene, fekk med dette systemet berre 15 prosent av representantane på Stortinget. Les meir på Wikipedia!

Sjå utviklinga i valdeltaking gjennom tid!