Færre kvinner stiller på topp

Berre to av fem på topp på vallistene er kvinner.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om Noreg feirar 100-årsdagen for at kvinner fekk stemmerett, er det få kvinner blant toppkandidatane på listene til partia ved valet til hausten.

Berre 65 av 171 toppkandidatar på nominasjonslistene til partia til stortingsvalet 2013 er kvinner, skriv Bergens Tidende.

Avisa har gått gjennom nominasjonslistene til dei ni største partia i alle 19 fylka i landet. Statsministerkandidaten til Høgre, Erna Solberg, er éin av berre to kvinnelege toppkandidatar i Hordaland. Den andre er Kjersti Toppe frå Senterpartiet.

– Eg er ikkje for kjønnskvotering i politikken. Det kan gjera at godt kvalifiserte kandidatar blir dytta ned, og då tenkjer eg ikkje berre ved kjønnskvotering, men ved summen av alle dei ulike omsyna, som geografi, yrkesbakgrunn, alder og så vidare. Det er kvaliteten som tel, seier Solberg til avisa.

Ho meiner det er viktig å hugsa at det er færre kvinner som melder seg til politikken.

Senterpartiet er det einaste partiet på landsbasis med fleire kvinner enn menn på topplass, medan Frp og Raudt berre har fem kvinnetoppar kvar.

Sidan 1989 har delen kvinnelege stortingsrepresentantar lege på mellom 36 og 40 prosent. (©NPK)

Les siste politisk nytt her!