Klimautsleppa større enn nokon gong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Større utslepp enn nokon gong

Dei globale utsleppa av klimagassar steig i fjor til det høgste nivået nokon gong, ifølgje utrekningar frå Det internasjonale energibyrået.

Utsleppa steig med 1,4 prosent til i alt 31,6 milliardar tonn, viser utrekningane frå IEA.

Kina har dei største utsleppa. Det er også i dette landet utsleppa veks raskast. Berre i fjor steig utsleppa til Kina med 300 millionar tonn, nesten seks gonger så mykje som dei samla utsleppa frå Noreg.

I USA, som er det nest største utsleppslandet i verda, gjekk utsleppa ned med 200 millionar tonn. Dei amerikanske utsleppa er dermed på det lågaste nivået sidan midten av 1990-talet.

QUIZ: Test deg sjølv i den store klimaquizen vår!

Det same gjeld Noreg, som i fjor låg på omtrent same nivå som i 1995 med utslepp på 52,9 millionar tonn. Det er ein reduksjon på 0,8 prosent frå 2011.

Ifølgje Kyoto 2-avtalen skal Noreg redusere utsleppa til 16 prosent under 1990-nivå i åra frå 2013 til 2020. Men utsleppa låg i fjor 5,1 prosent høgare enn i 1990, og Noreg vil etter alt å døma måtte kjøpa store mengder utsleppskvotar frå utlandet for å koma ned på det avtalte nivået. Kyoto 2-avtalen er no til behandling i Stortinget.

EU vil på si side redusera utsleppa til 20 prosent under 1990-nivå i Kyoto 2-perioden. Utsleppa til EU er allereie vesentleg redusert. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å redusera klimautsleppa?