Av og til kan det vere greitt å svare på spørsmål som folk ikkje forventar å få svar på.

mm

 

Tenk deg for eksempel at nokon seier: «Sei meg, finst det verkelig ikkje andre forfattarar i dette landet enn Jo Nesbø?».

Då kan det vere greitt å svare: «Jo då. Veit du verkelig ikkje det? Det finst mange andre forfattarar i dette landet. For eksempel Frode Grytten, Hilde Østby, Ronnie M.A.G. Larsen, Christian Valeur, Arnfinn Kolerud, Kristian S. Hæggernes, Marit Eikemo og Jan Kjærstad. Skal eg halde fram?»

Eit slikt svar er sjølvsagt irriterande. Og det er nettopp derfor det er fint. For om ein først skal irritere nokon, så kan det vere greitt å irritere sånne folk. Folk som er så inderlig fornøgde med seg sjølve når dei påpeikar noko som absolutt alle ser, og som ærlig talt ikkje er eit problem viss du ikkje vil at det skal vere det.

Det er sjølvsagt ikkje usant at Jo Nesbø fekk ganske mykje merksemd då han lanserte den nye boka si. Og det er sjølvsagt ikkje usant at det finst andre sider ved norsk litteratur det kunne vere like interessant å feste seg ved. Brillene til Jo Nesbø, for eksempel.

Men dette ser vi jo alle. Og ærlig talt så er det då også litt artigare med ein norsk forfattar som er popstjerne, enn med alle dei norske forfattarane som ikkje er det.

Det er derfor eg kjenner trong til å svare slike folk. Stoppe kjeften på dei, rett og slett.

Vi kjem til å høyre, lese og sjå slike folk denne helga også, når det er kongelig bryllup i Sverige. Dette bryllupet får sjølvsagt rikelig dekning også i norske medier. Og nokon, sannsynligvis ganske mange, kjem til å kjenne seg både skarpe og vittige når dei stiller spørsmål som: «Kvifor skal vi bruke tid på å dekke eit kongelige bryllup? Finst det ikkje nok av verkelige problem å snakke om?»

Sjølvsagt finst det verkelige problem. Alle veit at det finst verkelige problem i verden. Demokratiunderskot. Flaum. Krise. Svolt. Krig. Per Willy Amundsen. Det er heilt unødvendig å påpeike at det finst problem i verden.

Og kvifor dekke kongelige bryllup?

Ærlig talt. Dette veit du. Du veit det godt. Akkurat som at du veit at finst andre forfattarar i Norge enn Jo Nesbø.

Denne gongen skal slike folk få svar. Kvifor bruke tid på å dekke eit kongelig bryllup i staden for å debattere politiske problem?

Jau, det skal eg fortelje deg.

For det første: Det skjer ikkje så ofte. Det kan vere årevis mellom kvart kongelige bryllup. Politiske debattar er det åtte-ti gonger per dag. Som regel dei same politiske debattane, med dei same deltakarane, som seier det same til programleiarar som stiller dei same spørsmåla.

Dessutan: Kongelige bryllup er mykje meir tøysete enn politiske debattar. Folk kler seg ut. Vaksne menn går med sverd og medaljar og tullete hattar. Samtidig er det eit stort alvor ved slike anledningar. Det er få ting som er morsommare enn veldig alvorlige menneske med tullete hattar.

Gjestene i kongelige bryllup har titlar som «Erkehertuginne av Hafflüg-Weberstafen og tredjegudinne av huset av Bleben-Leibenstoller.» Gjestene i politiske debattar har titlar som «Samferdselspolitisk talsperson i Kristelig Folkeparti».

Det er alltid like artig når norske programleiarar rotar med titlane til gjestene i kongelige bryllup. Når dei rotar med titlane i politiske debattar, er det berre dumt.

Kongelige bryllup irriterer folk som liker å tru at dei er skarpe når dei påpeiker opplagte ting. Det er i seg sjølv fint.

Det kan vere ganske artig å følgje med på dei kongelige som prøver å halde seg våkne i kyrkja. Det skjer oppsiktsvekkande sjeldan at nokon duppar av under «Debatten» på NRK.

Og så er det då hyggelig at han Kjell Arne Totland av og til får snakke med nokon om det som interesserer han. Eg trur ikkje han kjem seg så mykje ut.

Og på måndag kjem vi igjen til å diskutere sosial dumping og ventetid ved Oslo Universitetssjukehus.
 

 

Først publisert i Aftenposten 8. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE