Fetrar og kusiner mistar odelen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Vedtaket kjem fordi Mat- og landbruksdepartementet har vurdert det slik at odelsretten har hindra sal av landbrukseigedommar, skriv Nationen. Vidare ser departementet det slik at lova har bidrege til at ferske krefter har blitt haldne ute frå næringa.

Odelslova blir innskrenka, men ho er framleis verna i Grunnlova.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Då forslaget om endringane blei lansert, sa landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum til Nationen at dei vil gjere endringar for å bevare odelslova og den viktige rolla ho spelar for landbruket. I innstillinga til stortingsvedtaket sa Frp at dei ville fjerne odelslova. Høgre ville modernisere lova og fjerne ho frå Grunnlova. Venstre ville òg fjerne odelslova, men partiet hadde ikkje noko medlem i næringskomiteen som behandla saka.

LES MEIR OM LANDBRUK HER!