Kva er det fjellreven finn på her?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå fjellreven live

Norsk institutt for naturforskning (NINA) har sett opp nettkamera frå avlstasjonen for fjellrev på Sæterfjellet i Oppdal, litt nord for Dovrefjell.

Avlsstasjonen ligg i eit naturleg fjellrevterreng i høgfjellet 1380 meter over havet. Kvart revepar bur i ein 50 x 50 meter stor innhegning, fortel nettsida til NINA.

– Revane kvalpar som regel frå byrjinga av mai til juni, så dei to para som ein ser på kameraet, er nok nyfødde, fortel seniorforskar i NINA og prosjektansvarleg, Arild Landa til Vigga.no.

LES OGSÅ: – Sjekk den gaupa!

I kvar innhegning er det to kunstige hi og fleire steinurar som gjev skjul og høve for å klatra. Kvalpane som blir fødd på avlsstasjonen blir sett ut i naturen. Så langt i år er det fødd minst fem kull fjellrevar på avlsstasjonen.

– Me veit ikkje kor me skal setja ut desse kvalpane enno. Men det er sannsynleg at dei kan hamna i Finse i Nord-Noreg, eller Sylane, fortel Landa til Vigga.

I perioden 2006-2011 vart det fødd 217 kvalpar i stasjonen. Desse er sett ut i Saltfjellet-Junkeren i Nordland, Sylane og Dovrefjell, Knutshø i Sør-Trøndelag-Oppland og Finse i Hordaland.

LES OGSÅ: Fjellreven slit med varmare klima

– Revane på Dovrefjell har hatt bra med paring i det fri, så det er ikkje sikkert det er naudsynt med utsetting av kvalpar der i år, seier Landa.

Fjellrevane er sårbare for forstyrringar, og ferdsel i området er ikkje tillate. Dei fire kameraa er infraraude, og blir oppdatert kvart 10. sekund.

Følg fjellreven på nettkamera!

Faktaboks

– Fjellreven, også kjend som melrakke, kvitrev og polarrev, er ein liten reveart som held til i heile det nordlege polarområdet, lenger sør hovudsakleg i fjella.
– Bestanden har gått kraftig tilbake i Noreg i moderne tid, og er på raudlista rekna som kritisk truga.
– Den fullvaksne reven er 45–67 cm lang med ein hale på om lag 30 cm i tillegg. Han veg mellom 2,4 og 8,0 kg.

Les meir på Wikipedia!