– Så klart eg vil bruke stemmeretten
Fyrstegongsveljaren: Kelly Rusnes er fyrst ut i Framtidas nye serie. Ho vil nytte stemmeretten sin ved stortingsvalet, og har planane klare om ho kunne vera statsminister for ei veke.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Så klart eg vil bruke retten min
– Så klart har eg tenkt å bruke stemmeretten min når eg endeleg kan, seier Kelly Rusnes (19) når Framtida.no spør ho.
	Kvifor vil du stemme?
	– Har ei mor som er veldig opphengt i val og politikk. Ho har oppmoda meg til å stemme, og vera med på å seie det eg meiner. Stemmer eg, får eg i alle fall prøvd å få fram det eg vil ha.
	Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
	– Det er vanskelig for det er mange som har nokre punkt eg vil ha med, så det gjeld å finne eit som vil få fram ting som er relevant for meg.
	Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?
	– Har ikkje bestemt meg heilt enno, men vil berre sei at det er eitt parti som er sterkare enn andre.
	Kva saker er viktige for deg?  
	– Skule, miljø og andre ting som har noko å seie for meg og framtida mi.  
	Kven påverkar deg i valet av parti?
	– Eigentleg ingen, bestemmer heilt sjølv kven eg skal stemme på.
	Kjenner du deg igjen i språket til politikarane? 
	– Må innrømme eg ikkje kjenner meg igjen i alt, men noko kanskje.
	Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?  
	– Føler dei snakkar helst til meg, alle parti har noko eg ikkje likar like godt.
	Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
	– Ja, det har jo mykje å seie for dei som enno går på skule og skal bli styrt av dei som vinn.
	Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
	– Vil helst ikkje svare på det spørsmålet, for då røper eg kven eg vil stemme på.
	Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?
	– Nja, vi får sjå kven som "snakkar mest til meg" før valet.
	Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
	– Eg hadde byrja å forandre bustadmarknaden, det er heilt vanvittig høge husprisar til at ungdommar skal klare å etablere seg. Eg hadde pussa opp skular, sjukeheimar og sjukehus. Og eg hadde fått asylsøkjarar og andre folk som vil kome inn i landet vårt opp i diskusjonen, og kanskje forandra og gjort det lettare for dei som faktisk vill å arbeide og få ein sjanse. 
Les meir om stortingsvalet 2013 HER!
Faktaboks
	Namn: Kelly Rusnes
	Alder: 19 år
	Kjem frå: Bryne
	Skule: Time vgs, Media.
	Hobbyar: Vener, facebook og dyr.






