Ifølgje Aftenposten er det Hollywood Reporter som opplyser dette.
Den femte Pirates of the Caribbean-filmen har premiere 10. juli 2015, og som vanleg er det Johnny Depp som skal spela hovudrolla.
Den norske filmskaparduoen blei føretrekt framfor regissørar som Fredrik Bond som imponerte produsent Jerry Bruckheimer med filmen «The Necessary Death of Charlie Countryman», and Rupert Sanders som regisserte «Snow White and the Huntsman».
Kritikarroste Kon-Tiki var i år nominert til Oscar for beste utanlandske film, men nådde ikkje heilt opp. (©NPK)