Nominert til ny prestisjepris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aina Basso frå Giske på Sunnmøre er blant dei fjorten nominerte til den aller første Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris med boka Inn i elden. Denne boka er tidlegare nominert til Brageprisen i open klasse. 

Då det blei kjent at Nordisk Råd oppretta prisen i fjor, uttala Aina Basso dette til Framtida.no:

– Dette er kjempeviktig, og på høg tid. Ungdomslitteraturen bør ikkje sjåast på som mindreverdig. Den nye prisen frå Nordisk Råd håpar eg kan vere med på å gi ein sterk signaleffekt, og kan oppmuntre forfattarar til å skrive god litteratur for ungdom.

Ho la til at det er mykje som tyder på at statusen til Barne- og ungdomslitteraturen er i ferd med å verte heva.

Les saka: Verdien av ungdomslitteraturen

Juryen skriv dette om Inn i elden:

– Romanen er solid historisk fundert. Basso har brukt sitat frå originale svartebøker og rettsprotokollar frå 1600-talet. Samtidig er det ei intens fortelling om to ulike jenter på veg inn i dei vaksne si verd. Fortellinga er stramt komponert og har eit stilsikkert og bildesterkt språk, der ingen ord er overflødige. Den realistiske fortellinga blir broten av draumar og varsel. Ved hjelp av ei rekke frampeik lar Basso oss forstå kva veg det ber for Elen og mora hennar. Me nærmar oss elden, steg for steg, mens me leser forstår me at det ikkje er nokon veg utanom, me må vera med heilt "inn i elden".

Les bokmeldinga av Inn i elden av Mette Karlsvik!

Inga Husby Sætre er den andre nominerte frå Noreg. Ho er nominert med boka Fallteknikk, som vann Brageprisen i open klasse i 2011.

Les bokmeldinga av Fallteknikk av Mette Karlsvik!

Prisen skal delast ut for første gong i samband med Nordisk råds sesjon i Oslo i slutten av oktober 2013. Reglane og nomineringsprosessen for den nye prisen er den same som for Nordisk råds litteraturpris. I juryen sit representantar frå alle nordiske land, og prisen er fastsett til 350.000 danske kroner. I alt sit det 23 representantar frå ni land i juryen. 

Sjå heile lista over dei nominerte bøkene her!

Faktaboks

Aina Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må  vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige.Les meir om Aina Basso på Allkunne og sjekk ut bloggen hennar!