Verdien av ungdomslitteraturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdien av ungdomsbøker

Aina Basso er utdanna historikar, og kjem frå Giske i Møre og Romsdal. Ho gav tidlegare i år ut si andre ungdomsbok, Inn i elden, til gode kritikkar. Boka handlar om hekseprosessar i Finnmark på 1600-talet. Før har ho skrive ungdomsboka Ingen må vite, og vaksenboka Fange 59, Taterpige.

Les meir om Aina Basso på bloggen hennar!

Ny pris til barne- og ungdomslitteratur

Nordisk Råd har nyleg oppretta ein ny, årleg pris for barne- og ungdomslitteratur. Prisen er på heile 350000 kroner. Slik har dei på papiret sidestilt den med vaksenlitteraturen. Også Brageprisen, ein av Noregs viktigaste litteraturprisar, gjer år ekstra stas på bøker skrivne for aldersgruppa 13-19 år.

Slik har det ikkje alltid vore. Basso meiner at vilkåra for å skrive for ungdom har endra seg sidan ho gav ut si første ungdomsbok i 2008:

– Det er meir merksemd rundt ungdomsbøkene no enn for berre få år tilbake. Før brukte avisene for lite spalteplass på ungdomslitteratur, men no ser eg at dette er i ferd med å snu, og ungdomslitteraturen kjem òg sterkare på bana i radioen, forklarar ho.

– Både Dagbladet, Aftenposten og Dag og Tid skriv oftare om barne- og ungdomslitteratur no enn før.

LES OGSÅ: Uprisen til Torkildsen for andre gong

Statusheving

Basso meiner det er mykje som tyder på at statusen til Barne- og ungdomslitteraturen er i ferd med å verte heva:

– Dette er kjempeviktig, og på høg tid. Ungdomslitteraturen bør ikkje sjåast på som mindreverdig. Den nye prisen frå Nordisk Råd håpar eg kan vere med på å gi ein sterk signaleffekt, og kan oppmuntre forfattarar til å skrive god litteratur for ungdom, seier ho.

På høgskulen i Bergen oppretta dei i fjor ei eiga Mastergradsutdanning i Barne- og ungdomslitteratur. Barnebokinstituttet i Oslo har jamvel eit fordjupingsstudie i scenetekst for barne- og ungdomsforfattarar og ei sakprosautdanning retta mot skriving for barn og ungdom.

– Både det faglege og det skjønnlitterære nivået rundt barne- og ungdomslitteraturen er jamt høgt her i landet – og aukande – og det kjem stadig nye forfattarar til som har lyst å skrive for ungdom, seier Basso.

QUIZ: Prøv Den store bok-blir-film-quizen!

– Manglande arena for ungdomslitteraturen

Basso meiner det er viktig å få ei felles scene i hovudstaden som kan samle ungdomen, litteraturen og forfattarane – som eit alternativ til Litteraturhuset – der arrangement og opplesningar kan finne stad:

– Litteraturhuset i Oslo har ikkje lukkast i å famne om ungdomslitteraturen spesielt, og dei forklarar at det er vanskeleg å få denne målgruppa til å kome til arrangementa. Slik ser det ser ut no, så fell ungdomslitteraturen ofte mellom to stolar, mellom vaksenlitteratur og den for dei aller minste, seier ho.

Basso meiner ein må prøve å etablere ein ny arena, og nå ut til ungdomen på nye måtar:

– Kanskje bør ein nytte sosiale medium i større grad? Mange ungdomar opplever kanskje at bøkene som vert presentert gjennom skulen automatisk vert lite spanande og motiverande. Difor er det er litt synd at det framleis er slik at forfattarturnear og skulebiblioteka(rane) er det viktigaste mediumet for ungdomslitteraturen rundt omkring i landet, avsluttar ho.

QUIZ: Kven skreiv boka?

– Ikkje i mål enno
Heidi Sævareid er tidlegare litteraturkritikar og no redaktør i Cappelen Damm, og har jobba mykje med ungdomslitteratur. Ho støttar Basso i at ungdomslitteraturen har fått eit løft i det siste, og ser ein viss samanheng mellom prestisjefulle litteraturprisar og statusheving:

– Vi ser jo at ungdomslitteratur fell utanfor viss det ikkje vert oppretta eigne prisar. Då vurderast den ikkje. Ein får prøve å skaffe merksemd på dei måtane ein kan. Så – eit stort ja til ein Nordisk Råd-pris for ungdomslitteratur, stemmer ho i.

– Men også U-prisen har auka i prestisje, og Ungdommens kritikerpris har også blitt viktig i det siste, legg ho til.

Sævareid meiner ein likevel har ein lang veg å gå før ungdomslitteraturen får like mykje kredibilitet som vaksenlitteraturen.

Les fleire bokmeldingar her!

– Det er vanskeleg å måle om kvaliteten på bøkene har auka, men folk tek ungdomslitteratur meir seriøst no enn før, den får meir merksemd, noko som er viktig. Samstundes merkar jo forfattarane nedvurderinga frå omgjevnadane, seier ho.

– Når kritikarar kan finne på å skrive i bokmeldingar at ei bok blir "ungdomsbokaktig", og meine det negativt – då har vi framleis ein lang veg å gå, avsluttar Sævareid.

Du kan òg følgje Aina Basso og Heidi Sævareid på Twitter!