– Elevar bør slita med matten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Internasjonale testar viser at norske elevar ligg eit godt stykke frå verdstoppen i matte. I tillegg har strykprosenten på grunnskulelærarstudiet skote i vêret fleire stader i Noreg den siste tida.

– I Noreg bruker ein oftast den klassiske måten å undervisa matematikk på. Formlane og reglane blir gjennomgått på tavla, og så blir resten av tida brukt på individuell oppgåveløysing i boka, seier Ove Gunnar Drageset ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved Universitetet i Tromsø til Forskning.no.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen

– Det ein oppnår er at eleven lærer seg formlane og kjem fram til det rette svaret, men dei skjønar ikkje kvifor. Dei får ein svært overfladisk forståing for matematikken, forklarar han.

Drageset har nyleg teke ein doktorgrad i matematikkdidaktikk der han har forska seg fram til eit nytt rammeverk som skildrar dei ulike metodane mattelærarar nyttar seg av i undervisinga.

Han vil at elevane skal grunngje og vurdera dei løysingane dei har brukt for å koma fram til svaret. Det er viktigare at tenkinga bak, at logikken er rett, enn at svaret er det, meiner han. Drageset seier det må vera lov for elevane å slita med matten.

LES OGSÅ: Einar (19) er eit mattegeni

Knytt til kvardagen
Anne Birgitte Fyhn ved same institutt er ein annan som har tenkt utanfor boksen når det gjeld matematikkundervisning. I doktorgraden sin fokuserte ho på korleis ein kan undervise faget med utgangspunkt i elevane sine eigne kvardagserfaringar.

– For å meistra matte må ein læra seg reknereglane, ein må ha ei forståing for omgrepa, og ein må ha ferdigheitstrening. I norsk skule har det vore alt for stort fokus på ferdigheitstreninga – rein mengdetrening av oppgåveløysning, og alt for lite fokus på forståing av matematikken, seier ho til magasinet Labyrint.

Les også: Har betre haldningar enn kunnskapar