Alvorleg sjuk etter hoggormbit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var på laurdag, då Tysvær var bada i sol, at Amalie og vennene hennar fann ut at dei ville bade i Aksdalsvatnet på Frakkagjerd. I strandkanten kjente 14-åringen brått eit stikk i ankelen.

– Eg rygga mens eg snakka med ei venninne, idet eg kom over der det var gras kjente eg plutseleg noko som stakk meg bak på ankelen. Eg trudde først eg tråkka på noko, men så såg eg hoggormen som låg der. Eg stokk veldig og det gjorde raskt skikkeleg vondt i foten og smerta spreia seg oppover låret, fortel Amalie.

Tysvær Bygdeblad snakkar med henne tysdag ettermiddag, hennar første dag heime, etter å ha vore innlagt på sjukehuset sidan laurdag.

LES OGSÅ: Øl-svolten torsk

– Eg skjønte med ein gong at det var alvorleg og ringte mamma. Ho henta meg og kjørte meg til legevakta. Der byrja eg å bli skikkeleg dårleg, spydde, verka og datt litt ut. Dei bestemte seg raskt for å sende meg til sjukehuset. Der fekk eg motgift. Men ein dose var ikkje nok så eg måtte bli verande på sjukehuset og fekk dose nummer to på måndag. No er eg endeleg betre, og det er utruleg herleg, seier Amalie.

Les saka i Tysvær Bygdeblad!