Vil ikkje ha Frp-arar i regjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje ha Frp- arar i regjering

Målinga viser at tre av fire av veljarane til KrF og Venstre heller vil gjenopplive Bondevik II-regjeringa som besto av Høgre, KrF og Venstre. Litt over 11 prosent av veljarane til KrF aksepterer Frp i det gode lag mens 2,5 prosent av veljarane til Venstre gjer det same, viser InFact si måling for VG.

Samtidig viser målinga at kvar fjerde Frp-veljar føretrekkjer ei brei borgarleg regjering med Frp, H, KrF og V. Men førstevalet til Frp-veljarane er ei regjering berre med Høgre og Frp. 62 prosent av veljarane til Frp føretrekkjer dette.

Frp-leiar Siv Jensen er ikkje bekymra over skepsisen frå veljarane til KrF og Venstre.

– Eg er ikkje akkurat sjokkert, for å seie det sånn. Dette liknar veldig mykje på tal eg også har sett tidlegare, seier Jensen.

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner tala viser at han er i takt med sine eigne veljarane.

– Dette bekreftar at ei blåblå fleirtalsregjering ikkje er noko betre enn ei raudgrøn fleirtalsregjering, seier Hareide.

QUIZ: Kva veit du om Frp?

Venstre-leiar Trine Skei Grande vurderer det på same måte.

– Dette viser at vi har treft veldig godt på kva veljarane våre ønskjer, seier ho.

Høgre-leiar Erna Solberg ønskjer ikkje å kommentere tala for KrF og Venstre spesielt, men ho kallar målinga interessant.

– Det viktigaste for meg er at dette viser at det er solid oppslutning om ei borgarleg regjering, seier Solberg. (©NPK)

Les siste politisk nytt her!

Kva trur og håpar du blir regjeringa etter valet? Del tankane dine i kommentarfeltet!