Det flottaste på heile Vestlandet skal visast fram på Times Square i New York.

NPK
NPK

Ta eit bilete av det du synest er den flottaste opplevinga på Vestlandet og last det opp på biletedelingstenesta Instagram, oppfordrar Fjord Norge. Dei fire beste bileta blir vist på Times Square i New York.

Kampanjen har som mål å få turistar, reiselivstilsette og innbyggjarar til å dele bileta sine i perioden frå 20. mai til 15. august, heiter det i ei pressemelding. Bileta blir vist på nettsida bestof.fjordnorway.com. Dei kan også delast i sosiale medium, og ein kan invitere familie og venner til å stemme på konkurransesida.

LES OGSÅ: Verdas vakraste?

Dei ti attraksjonane som blir kåra til dei beste på Vestlandet, får eit eige skilt som prov. Alle bileta av dei ti beste opplevingane/attraksjonane blir vurdert av ein jury som igjen plukkar ut det beste biletet frå kvar av dei ti.

Dei fire beste bileta blir altså vist på Times Square neste vår, og dei ti opplevingane som blir kåra til dei beste på Vestlandet, vil bli brukt aktivt i marknadsføringa av Fjord Norge i året som kjem, heiter det.

For å motivere folk til å stemme, freistar arrangøren med premiar, mellom anna ei rundreise på Vestlandet. (©NPK)

Les siste reisenytt her!

Kva meiner du er det flottaste på Vestlandet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE