Christine er ikkje som alle andre jenter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christine Nordstrand (26) frå Frekhaug er meir bilinteressert enn dei fleste av oss. Til dagen jobbar ho som alt mogleg-dame hjå Eknes karroseri.

– Gutar!

– Du ser meg på kontoret, eg driv med bilpleie og mekanisk arbeid, seier ho.

Det kjekkaste ho veit er bilar.

– Kor kjem bilinteressa di frå?

– Gutar, seier ho og smiler.

– Bilinteressa har alltid vore der, men du vert jo påverka av gutar og vener. Så det er vel der det kjem frå, seier ho.

LES OGSÅ: Ein hysterisk morosam Toyota

Og bilen ho køyrer rundt med til kvardags er ikkje nokon tradisjonell stasjonsvogn eller ein Fiat Panda.

Bilen ho har no er ein ombygd 1994 modell Nissan 200 SX med 200 hestar.

Dette er den tredje bilen hennar.

– Men dette er den fyrste skikkeleg, seier ho.

LES OGSÅ: No takkar Leon av som UP-sjef

Den fyrste bilen hennar var ein Honda Civic deretter kjøpte ho seg ein Toyota Celica T20.

Brukt mykje pengar

Det er ein bil ho ha lagt ned mykje tid og pengar i bilen.

– Interiøret er gjort noko med, utsjånad ved at fronten er skifta og sideskjørt sett på, den er lakkert motoren er bytt.

– Kor mykje pengar har du brukt på bilen då?

– Det treng me ikkje snakka om. Det er pengar eg aldri får igjen, seier ho.

LES OGSÅ: Vil selge færre biler

Bilar er naturleg nok vorte hobbyen hennar. Og det har vore ein dyr hobby for ho.

– Eg kjøpte bilen for 95.000 kroner og eg har kanskje brukt 90.000 kroner pluss etterpå, seier ho.

– Er det verdt det?

– Ja ? No er det det. No er han ferdig, seier ho.

No er det berre kos og køyring med bilen. Å selja den kjem i alle tilfelle ikkje til å skje.

LES OGSÅ: Dette er Oslo-kvinnene best på

– Eg er vorte alt for glad i bilen no trur eg, seier ho.

– Korleis er det mogleg å verta glad i ein bil?

– All den tida du har brukt og pengane du har lagt ned i det, seier ho.

Gatebil fatta interesse

– Har du gjort all jobben sjølv og?

– Både og. Eg har gjort nok, eg har kompisar som har hjelpt til, eg har hatt den på verkstad for å få gjort noko, pluss at eg har ein sambuar med den same interessa som meg, fortel ho.

– Kva er det som er så fascinerande med bilar då?

– Alt. Spesielt det med effekten. Det er kjekt å køyra, særleg på bane, seier ho.

LES OGSÅ: Jakter stjålet luksusbil

– Der får du utløp for det du ikkje kan gjera langs vegen, legg ho til.

– Er det frustrerande å køyra ein bil med 200 hestekrefter langs norske vegar?

– Ja, veldig. Det er mange dårlege vegar rundt om. Eg skulle heller ha vore i Tyskland på autobahn med den, seier ho.

Bilen hennar er såpass spesiell at bilbladet Gatebil nett har hatt ein reportasje om Christine og bilen hennar.

– Er det stas?

– Ja, det er jo litt stas, seier ho og smiler

LES OGSÅ: Beatles-bil til salgs