Det norske Teatret med åtte nominasjonar til Heddaprisen.

mm

or tredje året på rad er Det Norske Teatret nominert åtte gonger til Heddaprisen. Denne gongen er det berre Nationaltheatret som er nominert fleire gonger.

Det Norske Teatret er denne gongen nominert to gonger til prisen for årets barne- og ungdomsførestilling:

Eg – Ik, Ich, I med regi av Jonas Corell Petersen og Fuck my life av regissør Per Olav Sørensen.

LES OGSÅ: Fuck it!

Eg – Ik, Ich, Ier òg nominert til prisen for særleg kunstnarleg innsats saman med  EventyrForteljeTeaterStund – den faste eventyrstunda kvar laurdag formiddag på Det Norske Teatret.

Marie Blokhus er nominert i klassen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Anne i Over Open Avgrunn og Una i Blackbird, ein samproduksjon av Riksteatret/Det Norske Teatret.

Paul-Ottar Haga er nominert til prisen for beste mannlege hovudrolle for rolla som Edgar i Dødsdansen.

Kyrre Hellum er nominert til este mannlege birolle for rolla som Judas i «Bibelen».

Sjå lista over alle dei nominerte her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE