– Leksehjelpa er mislykka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Leksehjelpa i barneskulen er mislykka.

Det meiner rektor på Velle skule, Harald Bjarne Thunem.

I årsmeldinga til Velle skule går rektoren til åtak mot ordninga med leksehjelp der målet har vore å bidra til utjamning av sosiale skilnader. Thunem fortel at leksehjelpa dels skulle kome i møte dei mange elevane som ikkje vil kunne få så mykje hjelp heime, og dels skulle hjelpe born og foreldre i tidsklemma forutan å heve læreutbytet for elevane – og at det skulle vere mindre leik og meir nyttig skulearbeid.

LES OGSÅ: Delt på midten i synet på lekser

Velle-rektoren slaktar ordninga.

– Leksehjelpa er nokså mislykka og tiltaket passar best for sjølvdrivne, disiplinerte og flinke born som har problem med å få tid nok til organiserte fritidssyslar og leksearbeid. Vi snakkar om dei ressurssterke borna, seier Thunem.

Han meiner såleis leksehjelpa er med på å forsterke – og ikkje svekkje – skilnadene mellom elevane.

LES OGSÅ: Gutar får dårlegare karakter av lekser

For mange
Eit av problema er at det er for mange born per vaksen i leksehjelp-ordninga.

– Intensjonen er god, men ordninga fungerer ikkje når det er så få vaksne tilgjengeleg for elevane. Det er helller ikkje bra at det ikkje er er pedagogisk personale for elevane. Konsekvensen for nokre er kanskje at dei må gjere oppatt leksene når dei kjem heim fordi dei har gjort feil i leksehjelp-ordninga, seier lærar Tove Halse Digernes.

Ho er også politikar for Senterparrtiet, og tok opp ordninga med leksehjelp i samband med at levekårsutvalet sist veke godkjende skulane sine årsmeldingar.

Les saka i Møre-Nytt!