Ein av verdas mest kjende nolevande kunstnarar.

Vikebladet
Vikebladet

Damien Hirst – ein av verdas mest kjende nolevande kunstnarar – er årets kunstivalkunstnar under Go With the Flø i slutten av juni.

– Go With the Flø er stolte over å presentere årets program med den verdskjende britiske kunstnaren Damien Hirst, den norske kunstnaren Kristoffer Myskja og intimkonsertar med canadiske Lowell, fortel gallerist Hugo Opdal.

Utstillinga med Damien Hirst inneheld oljemaleri, akrylmaleri og unike trykk, i tillegg til en skulptur. Verka speglar de fleste av temaa den eksentriske rebellen har jobba med i si karriere. Eit av kunstnarens hovudverk – ei 60 centimeter stor utgåve av «The Virgin Mother» – står sentralt i utstillinga på Flø.

Hirst har berre stilt ut ei handfull gonger i Norge tidlegare, og dette er andre gang han held ei separatutstilling ved Studio Hugo Opdal på Flø.

– Det er ei ære for det vesle galleriet vårt å igjen by på en utstilling med verdas mest kjende nolevande kunstnar. Damien Hirst er ein kunstnar dei fleste har eit forhold til gjennom sine framstillingar av dissekerte dyr i formalin, og no sist under avsluttinga av OL i London i fjor, seier Opdal.

Kunstnaren Kristoffer Myskja stiller ut to nylaga mekaniske skulpturar i den nedlagde skulen der kunstgalleriet held hus. Nordmannen si maskinelle tilnærming til kunsten har evne til å fascinere og provosere.

Den canadiske artisten Lowell har bergteke konsertpublikummet sitt med sin musikk. På Go With the Flø held ho to intimkonsertar i forsamlingshuset Vonheim, som byr på en lydkvalitet eit kyrkjebygg verdig.

Go With the Flø er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal, Paul Stolper Gallery, Moods of Norway og bygdefolket på Flø – og kan skildrast som ei surrealistisk krysning mellom tradisjonelle bygdedagar og ein kunstfestival.

Det er gratis aktivitetar for barna, og nytt av året er workshop med Cirkus Minimax der de yngste sjølve får høve til å opptre for dei besøkjande. Bygdefolket står for matservering og aktivitetar for de yngste.

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE