– Livsfarlege russeknutar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste av russen sin knutereglar er ufarleg leik og moro. Men enkelte knutereglar handlar om eksperimentering med alkohol i store mengder innanfor eit avgrensa tidsrom. Det kan vere livsfarleg, åtvarar lege ved Folkehelseinstituttet Merete Vevelstad. Nokre knuteregler er særleg farlege for jenter, seier ho.
For å unngå livstruande verknader – anten direkte forårsaka av alkoholforgifting eller indirekte i form av ulukker og uønska hendingar – er det viktig å ha noko kunnskap om forventa verknader av alkohol.

I tillegg er det lurt å følgja generelle råd som å unngå store alkoholinntak på tom mage, drikke vatn innimellom, og ta ansvar for kvarandre, understrekar Folkehelseinstituttet.

LES OGSÅ: Her feirar russen hardast

– Ikkje drikk meir enn dette
Ved inntak av moderate alkoholmengder ligg ein vanleg ruskonsentrasjon på omkring 1 promille. Ein slik rus blir gjerne oppnådd ved inntak av 2-3 standard alkoholeiningar for jenter og 4 standard alkoholeiningar for gutar.

Sjølv om ein alkoholkonsentrasjon på 1 promille tyder at alle cellene i kroppen er ”bada” i alkohol, vil balansen mellom ynskte rusverknader og uønska biverknader vera relativt gunstig – sidan dei lett stimulerande verknadene på hjernen dominerer rusen.

Folkeinstituttet kjem med dette rådet for å unngå at alkohol-konsentasjonen stig vesentleg over 1 promille:
• mindre enn ein halv standard alkoholeining per time (jenter)
• mindre enn 1 alkoholeining per time for tyngre gutar

Viss ein avsluttar drikkinga etter 3-5 timar, blir òg bakrusplagene redusert.

LES OGSÅ: Kliner til med torsk

– Livsfarleg
Ved inntak av store mengder alkohol kan ein bli alkoholforgifta. Både hjernen og kroppen blir då bedøvd – inkludert sansane og funksjonen til dei indre organa. Alkoholrusen har dessverre ingen maksimaleffekt. Det tyder at jo større mengd ein drikk, jo meir bedøvd blir ein, og etter kvart blir medvitet nedsett slik at ein blir medvitslaus.

Ved endå høgare promille kan ein i verste døy.Viss ein samstundes òg bruker andre rusmiddel, kan det vera farleg sjølv med ein langt lågare promille, åtvarar Folkehelseinstituttet.

Eit døme på ein livstruande russeknute handlar om å drikke ein halv liter 40 % sprit i løpet av berre to timar. Dette tilsvarar alkoholinnhaldet i meir enn 12 standard drinkar. – Dersom ein klarar å drikka så mykje høgkonsentrert alkohol på så kort tid utan å kasta opp, vil jenter med vanleg kroppsvekt oppnå ein akutt og livstruande alkoholforgifting med konsentrasjonar omkring 4-5 promille, åtvarar Folkehelseinstituttet.

Til samanlikning kan alkoholforgifting med omkring 3 promille føre til pustestans og død. Kraftige gutar vil oppnå ein noko lågare promille, men likevel bli overstadige, kvalme og søvnige. Viss dei då sovnar og kastar opp, gjev dette fare for kveling. Dessutan aukar det risikoen for ulykker som drukning eller fall.

Andre knutereglar om enorme alkoholinntak vil for dei fleste gutane ikkje vera direkte livstruande – som til dømes å dele ei kasse pilsnerøl med to medruss. Likevel vil eit slikt alkoholinntak gjort over få timar raskt føre til at alle naudsynte ferdigheiter er betydeleg svekt.

Faktaboks

1 standard alkoholeining = 1 liten flaske pilsnerøl, eller ca 1,5 dl vin, eller 4 cl brennevin.