Simen Romstad, Lars Dalaker og Magnus Førde har skrive manus, laga musikk, filma, og redigert. No sel dei ein spelfilm på 45 minuttar.
Oppfølgjar
Dei tre kreative karane gav i 6. klasse ut to filmar: Dansefeber 1 og Dansefeber 2.
– Dei ligg begge på YouTube, forklarar dei.
No har dei lansert Dansefeber 3.
– Den er mykje betre enn dei to første filmane, og me har lagt ned mykje arbeid for å få alt på plass, fortel dei.
Dei karakteriserer den siste filmen som ein humorfilm.
Trailer
– Me har brukt elevar på skulen som statistar. Det er lurt, for då kjøper dei og familiane deira filmen, smiler dei. På messa i Vik selde dei filmen for 100 kroner per stykk.
Dei visste også at dei kan meir enn å laga film. Marknadsføring er minst like viktig og dei synte fram traileren til filmen sin til eit imponert publikum. Dei hadde også på plass ein QR-kode, som du kan skanna med ein smarttelefon og på den måten få traileren rett inn på telefonen.
– Me har også ein banner her for filmen, der sponsorane blir trekt fram. Me har fått 2.000 kroner i sponsorstøtte og det er me glade for, seier trioen, som skal bruka overskotet frå filmproduksjonen til klassetur til Polen.
Vann
Funnybox Productions vart under messa i Vik kåra til vinnar i klassen «Nyskaping og kreativitet». Juryen grunngjev dette med følgjande: «Heilt ny idé og svært kreative gutar. Dei gjorde alt sjølve, frå idé til manus, regi, filming/produksjon, hadde hovudrollene sjølv, skaffa sponsorar, og marknadsføringsmateriell, laga trailer til filmen sin, ein kunne få tilgang til ved å skanna QR-kode. Og – dei hadde lagt ned ein enorm stor eigeninnsats i bedrifta».