Martine vil ha rifle til konfirmasjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det er kanskje ikkje kvar dag ein høyrer om unge, lovande, kvinnlege skyttarar, som har mål om å verta skyttarprinsesse innan dei har fylt 18 år. I alle fall ikkje som har sjanse til å faktisk bli det.

Martine Myhr er berre 14 år, men skyt allereie like godt som dei mest erfarne skyttarane i landet.

LES OGSÅ: Vil ha elitetropp på Vestlandet

– Eg øver utruleg mykje, minst fire gongar kvar veke. Eg droppar mykje anna for å heller skyta. No skal eg eigentleg vera på fotballtrening, men i staden er eg her, seier ho.

– Sa eg kunne bli god

Det heile starta på «Skytternes dag» for tre år sidan. Martine var då 11 år, og vart med pappa, Raymond, for å prøva å skyta med rifle.

– Eg hugsar den dagen utruleg godt. Eg syntest det var kjempegøy og skyta. Eg gløymer heller ikkje ein gammal mann eg trefte, som sa at eg kunne bli veldig god visst eg berre øvde meg.

Og det var akkurat det Martine gjorde. Nokre månadar etterpå starta ho på innandørsskyting, og sidan har det berre balla på seg.

– Eg synest eigentleg utandørsskyting er best!

LES OGSÅ: Nesten åleine

– Ønsker meg rifle

Martine, som går i 8. klasse på Lindås ungdomsskule, er klar over at ho ikkje har same interesse som dei fleste andre jentene på hennar alder.

– Så lenge eg synest det er gøy, er det det som er viktig, meiner ho.

LES OGSÅ: Kine skyt i Prinsesselaget

Neste år skal den unge skyttaren konfirmerast, og medan dei fleste andre ønskjer seg pengar og bunad, har Martine noko anna i tankane.

– Eg håpar verkeleg eg får ei rifle, seier ho, og sender pappa eit lurt smil.

– Kan nå langt

Idar Wergeland har vore trenaren til Martine heilt sidan ho starta for tre år sidan. Han er imponert over 14-åringen sine prestasjonar.

– Når det først tok av, gjekk det fort opp, seier han.

Han skryt over hennar evne til å behalda roen.

LES OGSÅ: Skaut seg inn i historia

– Ho tar seg tid til å gjera ting skikkeleg, og det ein av årsakene til at ho gjer det så bra, seier Wergeland.

Elskar kjensla av å vinna

Martine har fleire pokalar og premiar heime på rommet. Mest stolt er ho av pengepremien ho fekk på Hordastemnet.

– Der vann eg eit gåvekort på 500 kroner, og for dei skal eg kjøpa meg skyttarsko, fortel ho.

Men det var kanskje på Fanafelten ho imponerte aller mest. For ikkje berre vann ho gull, men ho hadde til og med like mange treff som ein skyttarveteran.

– Den handler eigentleg mest om å vera konsentrert. Visst eg klarer å roa nervane mine, kan eg gjera det bra, seier ho.

No har ho eit klart mål.

– Eg skal verta skyttarprinsesse før eg er 18 år, seier ho målbevisst.

LES OGSÅ: Tre generasjonar skyteglade

TRENAREN ER IMPONERT: Idar Wergeland har vore Martine sin trenar heilt sidan ho starta. – Ho er veldig flink, seier han. 

Les saka i Nordhordland!