Han har gjort verdsrommet kult igjen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdsrommet er kult igjen

Søndag la canadiske Chris Hadfield ut ein video på YouTube av Hadfield som syng David Bowie-låta «Space Oddity» om bord på Den internasjonale romstasjonen (ISS). No er videoen sett over 4,8 millionar gonger.

«I'm floating in a most peculiar way», syng canadiaren medan han og gitaren hans svever rundt i vektlaus tilstand.

– Hello Spaceboy… tvitra David Bowie tilbake frå jorda.

LES OGSÅ: Romturist vil til Mars i 2018

Populær
Hadfield er den første frå Canada som har hatt kommandoen på Den internasjonale romstasjonen (ISS), og han har jamleg lagt ut meldingar og bilde på Twitter i løpet av opphaldet på romstasjonen.

Musikkvideoen er ikkje den einaste videoen hans som har fått stor merksemd og millionar av sjåarar. Han har blant anna filma korleis det er å vri ein klut i verdsrommet og korleis tårer oppfører seg i vektlaus tilstand. Han har òg vist korleis ein søv og korleis ein resirkulerer urin til vatn på den internasjonale romstasjonen. (Sjå videoar nedst i saka!)

Den britiske avisa The Independent skriv at Chris Hadfield har endra måten me tenkjer om verdsrommet. Ikkje sidan dei første romfararane har nokon fått så stor merksemd.

– På dei første romferdene gav opplæringa eitbehov for presisjon og nøyaktigheit som ikkjealltid gav rom for følelsar. Men nonår meir enn500menneske har flydd ut i verdsrommet, er det blitt plass til eit breiare spekter av personlegdomar, seier astronomiskribenten ChrisRiley til avisa.

Tilbake til landjorda
Chris Hadfield, amerikanaren Tom Marshburn og russiske Roman Romanenko landa i Kasakhstan natt til tysdag norsk tid.

Ferda tilbake til jorda tok litt over tre timar. Saman med Marshburn og Romanenko landa han i Kasakhstan i ein russisk romkapsel.

De tre astronautane har vore på romstasjonen i fem månader. I helga måtte Marshburn saman med ein kollega bevega seg utanfor stasjonen for å stoppa ein ammoniakklekkasje.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Les fleire saker om verdsrommet her!