Færre trafikkulykker med kaffi
Regelmessige kvilepausar med kaffi reduserer risikoen for ulykker i trafikken, kjem det fram i ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Færre ulykker med kaffi
Langdistansesjåførar som drikk koffeinhaldige produkt har mindre risiko for å bli involvert i trafikkulykker. Det viser ei ny australsk undersøking.
Studien viser at regelmessige kvilepausar med inntak av kaffi reduserer risikoen for å bli søvnig under køyringa, og dermed også risikoen for ulykker, skriv Tidsskrift for Den norske legeforening.
Dei av sjåførane som brukte koffein for å halda seg vakne, hadde 63 prosent lågare risiko for å ha vore involvert i trafikkulykker samanlikna med dei som ikkje brukte koffein.
LES OGSÅ: Køyr bil med tankekraft
– Tidlegare studiar i køyresimulator har vist at inntak av koffein førte til mindre vingling under køyringa, jamnare fart og betre mental kapasitet, seier seniorforskar Hallvard Gjerde ved Folkehelseinstituttet til tidsskriftet.no.
LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23