Bøndene fryktar store tap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helge Henanger seier det har vore ein tøff vår for bøndene. No ventar ein travel sommar for å ta igjen det tapte.

– Arbeidstimane må leggjast ned som normalt, dei må gjerast. Berre på kortare tid. Det er to månader som har gått vekk, som skulle vore brukt til bondeting, seier storbonde Helge Henanger på Øvre Sagstad til avisa Nordhordland.

Fôrmangel

Tele og uvanleg sein vår skapar problem for bønder over heile Nordhordland.

LES OGSÅ: Frykter for framtiden

– Eg merkar mellom anna at folk byrjar å få fôrmangel. Marknaden er støvsugd, seier han.

Det har og vore problem med å koma i gang med gyllinga.

– Normalt sett er eg ferdig med det til tiande april. I år byrja eg med det etter den datoen, og eg er framleis ikkje ferdig, seier han, når Nordhordland møter han på den fyrste skikkelege vårdagen i 2013.

Telen låg ein halv meter ned i bakken og for usedvanleg seint i år. Og er det tele i bakken er det ikkje lov å spreia møk. Problemet har vore så stort at bønder har vore på jakt etter møkkakjellarar der det har vore mogleg å lagra møk.

LES OGSÅ: – Stor avstand

– Eg har hatt lagringsplass til nokon, men på slutten hadde eg plutseleg behov for plassen sjølv, seier han.

Heldigvis for Henanger har han bakkar på dei 450 måla han slår som ligg solvendt og det har vore mogleg å spreia noko møk.

Våren 2014 krinsar i hovudet

Men når fyrst tela for, var det andre naturkrefter som tok over.

– Då var det kraftig vind, regn og andre ugunstige forhold, seier han.

LES OGSÅ: Bonde-rap frå Nordhordland med eigen video

– Det har ikkje noko for seg å spreia møk når det er meldt 30 millimeter regn. Då er det berre på sjøen etter kort tid, seier han.

Alt dette igjen betyr at han og må kjøpa ein annan type kunstgjødsel som er dyrare.

– Eg skal komma i land med det, berre eg får ut nok møk seinare i sommar. Men det er klart at det vert eit økonomisk tap når ein må kjøpa gjødsel til dobbelt pris og endar opp med mindre avling, seier han.

LES OGSÅ: Bønder lager mindre mat

Henanger reknar med å tapa mellom 80 og 100 000 kroner på vårkrisa. Han har ein del jorde som er plaga med frostbrann, noko som fører til dårlegare avlingar.

– Må du ut på marknaden for å kjøpa for til neste vår?

– Ja, eg fryktar det, seier han.

Rekordseint utslepp av dyr

2013 vert eit meir komprimert år. Henanger reknar med at slåtten byrjar to-tre veker seinare enn normalt. Dyra kjem seinare på beite enn normalt og.

– Vanlegvis ville eg byrja å slept dyra ut no. Men det går framleis eit par-tre veker til før eg gjer det no, seier han.

LES OGSÅ: Ministeren tok styringa

Også for sauebonde Per Atle Sæle vert alt seinare i år. Han slapp ut sauene sine frå floren 8. mai i år.

– I fjor slapp eg dei ut 22. april. Så eg har aldri sleppt dei ut så seint som i år, seier han.

Han merkar fôrmangelen han også.

– Det vart knapt med fôr på slutten, men det gjekk seg til seier han.

– Vêr og klima betyr meir for oss enn jordbruksoppgjeret, sluttar Henanger.

LES OGSÅ: Mjølkekjendis

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?