– Utdatert sex-undervising

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt i år har åtte russ blitt utsett for valdtekt.

– Kunnskap skaper bevisstgjering, bevisstgjering skaper haldningar og haldningar påverkar handlingar, seier Kari-Janne Lid, leiar for avsnittet for seksualforbrytingar ved Oslo politidistrikt. Ho innleia på fagdagen Sex og skole i regi av Røde Kors Ungdom måndag.

Lid meiner at ein styrkja seksualundervising i skulen kan vera eit effektiv kriminalførebyggande tiltak mot valdtekt og andre former for seksuelle overgrep.

– Allereie i barneskulen er ein del av mobbinga av seksuell karakter. Det er ofte krenkande åtferd, men gjerningsmennene er mindreårige, fortalde Lid.

Mykje av åtferda som i dag blir kalla mobbing er regelrett seksuelle overgrep, noko skolen bør ha nulltoleranse for, meiner ho.

– For eksempel holding og kitling. Det blir ofte kalla for mobbing, men når me ser nærmare på kva som faktisk skjer, er det snakk om beføling og overgrep, seier ho.

LES OGSÅ: – Ta eit nei for eit nei

Ønskjer eige fag
Politiet ønskjer seg eit eige fag i skulen som dei kallar kommunikasjon og konflikthandtering. Der vil dei at dei unge skal få kommunikasjonsverktøy, omgrep og sjølvinnsikt i kva ein er sårbare for.

– Mange i den alderen trur dei er udødelege. Dei er ikkje det. Dei er veldig sårbare, seier Kari-Janne Lid.

– Det er dessverre ikkje særleg kjent blant unge at sjølv ein liten alkoholmengde kan gi blackout for dei som ikkje er særleg vant til alkohol, heldt ho fram.

I tillegg til eit eige fag i skulen og betre seksualundervising ønskjer Kari-Janne Lid seg fleire gode og trygge helsesøstrer. Ho meiner at ein allereie i barnehagen bør byrja arbeidet med å la born for utvikla tryggleik for eigne grenser.

– Å tru at ein kan skjerma barn og ungdom for røynda er både naivt og det kan auka kor sårbar ein er for vald og overgrep, sa Lid på fagdagen.

– Unge må få hjelp til å sjå utrygge relasjonar og utrygge situasjonar, og korleis ein kan koma seg ut av desse.

Sjå debatten og føredraga frå fagdagen på nettTV!

Ansvaret til menn og gutar
Altfor mykje av samfunnsdebatten så langt har handla om kva jenter og kvinner bør passa på, meiner Lid. I foredraget hennar viste ho til den canadiske kampanjen «Don't be that guy» som var retta mot gutar og menn. Kampanjen førte til ein reduksjon på 10 prosent i festvaldtekter.

– Viss jenta ikkje er i stand til å seia nei, så har ho i alle fall ikkje sagt ja. Har ein ikkje sagt ja, så har ein ikkje samtykt, seier Lid.

Ho minner om at minstestraffa for valdtekt er tre år, og at sovevaldtekter no i snitt blir dømd med fire års fengsel. Det er ei tidobling av straffa over tid.

Dobbelt så mange smitta i Noreg
På fagdagen blei det også lagt fram tal som viser at då den obligatoriske seksualundervisninga forsvann i Finland, steig tala på abortar og smitta av kjønnssjukdommar.

Smitta av kjønnssjukdom og abortar steig då undervisinga i den vidaregåande skulen var fjerna i perioden 1994-2004, ifølge Susanna Åhman frå Folkhälsan. Då obligatorisk helsefag kom tilbake på timeplanen i 2004, gjekk tala ned igjen.

Noreg har nesten dobbelt så mange nysmittetilfelle av klamydia som Finland kvart år. Noreg hadde 22.500 nye smittetilfelle i 2011, medan Finland hadde rundt 13.600.

LES OGSÅ: – Sikrare sexx med vår verbbøying

– Utdatert
Røde Kors Ungdom kallar det norske undervisningsopplegget utdatert og tilfeldig.

– For at elevane skal få den undervisinga dei har behov for, er dei prisgitt ein lærar med engasjement for og kunnskap om seksualitet og samliv, eller at helsesøster har tid til å gi undervising. Det er ofte ikkje tilfellet, seier Charlott G. Nordström, leiar i Røde Kors Ungdom til NTB, ifølgje Forskning.no.

Ho meiner mange unge ikkje får den kunnskapen dei treng.

– Seksualundervisinga handlar om meir enn klamydia, klitoris og kondom. Det dreier seg blant anna om seksuell identitet, respekt for andre, trakassering og opplæring i omgrepet «samtykke», i tillegg til det å snakka om kva som er «normalt», seier Nordström.