Munch – ein ideell teikneseriefigur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ideell teikneseriefigur

 

Det seier Steffen Kverneland (50) – og ler.

Denne veka lanserer han den alternative biografien om Munch – eit verk på nærare tre hundre sider. Mellom dei stive permane finst det ei omarbeidd og utvida utgåve av dei fem teikneseriane om Edvard Munch som er publiserte i Kanon-hefta dei seinaste sju åra.
– Eg har vore svært spent. No kjenner eg ein utruleg lette, seier teiknaren bak ein lang og tynn øl i den varme aprilsola på uterestauranten på Munch-museet.


– I sommar hadde eg skikkeleg svarte augneblinkar. Eg fekk det for meg at heile prosjektet berre var tull. Det kan samanliknast med når ein repeterer eitt ord ein million gonger, og alt synest heilt utan meining.


Intelligent og dumt
Det byrja med at Steffen Kverneland laga amputerte klassikarar for Dagbladet.


– Kanon-prosjektet byrja med at eg saman med Lars Fiske laga ein biografi om teiknaren Olaf Gulbransson. Etterpå ville alle at me skulle laga nøyaktig den same boka om ein annan teiknar, men det ville me ikkje. I staden ville eg laga eit tidsskrift som kom ut ein gong i året, og det einaste kriteriet for å vera med var at du skulle heita Lars Fiske eller Steffen Kverneland. Det skulle vera som ei leikegrind som var open for eksperimentering. Eg ville teikna Edvard Munch, medan Lars ville ta for seg dadaisten Kurt Schwitters.


Så langt har det kome ut fem Kanon-hefte, og det siste kom i haust. 99 prosent av den nye boka har tidlegare vore publisert i Kanon.


– Du har forska mykje på Munch?

– Eg har ikkje sett på det som forsking, men har lese meg opp og gått på alle Munch-utstilling­ane. Etter kvart har eg samla mykje kunnskap, og det hender at eg finn feil når eg les Munch-bøker. Eg har nok kanskje vorte mannen som visste for mykje, ha, ha …


– Det har vore vanskeleg, men svært gøy å arbeida med Munch. Etter sju år likar eg han endå betre enn tidlegare. Di meir ein veit, di meir spennande vert det. Eg har fått eit langt meir nyansert bilete av Munch: eit bilete som er mykje meir tredimensjonalt og menneskeleg enn klisjeen som til forveksling var lik på van Gogh og Toulouse-Lautrec – ein hollywoodsk kunstnarmyte som alle skal dyttast inn i.


– I denne klisjeen er kunstnaren forfølgd, litt sprø og svært alkoholisert. Etter kvart vert historiene heilt like, men eigentleg er det berre juks. Det ser ein når ein les breva til Munch. Han var ein stor humorist – ein mann som gjekk rundt og tulla og lo, men det kjem svært lite fram i klisjeen. Dessutan hadde han mange vener og beundrarar og eit sterkt drag på damene. Han var anerkjend frå første stund, sjølv om det fanst mange idiotar som ikkje skjøna seg på han. Dei konservative streitingane hadde ikkje peiling, og dei skreiv ofte anonymt i avisene, som ein terror mot Munchs kunst. Eg formidlar ei mykje lysare historie. Livet hans kunne nok vera både svart og kvitt, men med mykje grått. Det var nedturar og oppturar, lukke og tungsinn, og det vert det gode historier av.

Ikkje gift
Kvinnehistoriene får god plass i den nye boka.


– Ja, Munch var oppteken av og hadde stor respekt for damene. Han målte akt gjennom heile livet, og erotisk var han sterkt tiltrekt av kvinner. Men sidan han var så glad i måla, orka han ikkje lengre forhold. Det vart for slitsamt, og damene forstyrra og tok mykje tid. Dessutan var dei sjalue på målinga, og difor gifta han seg aldri. Han hadde ikkje tid til det. Han prioriterte målinga og gjekk mykje på bordell, og det kunne no vera praktisk. Han forelska seg rett nok, men det vart aldri viktigare enn kunsten. Kanskje sette særleg den første kjærleiken spor. Ei gift dame forførde han – eller omvendt – då han var 21 år ute ved Åsgårdstrand. Det sat djupt i han og prega han sterkt. Han kom frå ein svært kristen heim og hadde svært dårleg samvit for at han hadde gjort seg skuldig i hor. Svært mange av Munchs motiv har sitt utspring i denne historia, som kanskje var den første store kjærleikssorga hans.


Strindberg

Hans Jæger og Christian Krohg har ein naturleg plass i Kvernelands bok, men endå meir sentral er August Strindberg.


– Eg fann ut at Munch og Strindberg var heilt ideelle teikneserie­figurar. Dei sa og gjorde så mykje heilt uføreseielege og ufattelege ting. Anten var det svært intelligent eller svært dumt, eller begge delar på ein gong. Dei utgjorde eit godt grunnlag og var utruleg inspirerande. Dei to kunstnarane kunne ein få mykje ut av.
– Dei hadde eit særs tett forhold, og kjemien må ha vore god. Strindberg var nok ikkje verdas enklaste person å vera ven med, og då han nærma seg Inferno-krisa, hardna det til. I Berlin var dei bestevener, men så flytta Strindberg til Paris, og då byrja krisa. Paranoiaen braut ut, og han vart mentalt sjuk. Munch kom dit for å vitja han, men Strindberg meinte at Munch freista å gassa han i hel. Munch freista å spøkja det vekk, men for Strindberg var det blodig alvor. Det var siste gongen Munch såg Strindberg, men ut frå det eg veit, har ikkje Munch sagt eit skeivt ord om den svenske forfattaren.


– Skreiv Munch sjølv?

– Han både las og skreiv mykje, mellom anna ei litterær dagbok. Han byrja dessutan på ein roman med den festlege tittelen Helvete, men dessverre vart han aldri ferdig.
Sitatbruken
I arbeidet med boka har Kverneland hatt eit ønske om å koma nær Munch – for å gjera han så levande som mogleg. Han ville unngå den distanserte, allvitande og vanlege biografitonen der ein skildrar eit menneske frå fødsel til død.


– Munch hadde truleg fleire litterære vener enn kunstnarvener, og han var litterær sjølv og arbeidde sjølvbiografisk. Han hadde skribentar rundt seg, og dei var mytomane og skreiv om opplevingane sine. Difor finst det mange førstehandskjelder som fortel korleis det verkeleg var. I boka har eg ikkje referert, men valt å sitera det dei har uttrykt, og det kunne vera klar tale med ropeteikn etter kvar einaste setning! Det er noko heilt anna å høyra kva Munch eller Strindberg verkeleg sa, enn å høyra det som kjem frå ein tørr biograf som refererer det dei skal ha sagt.


Kvernelands ønske var å laga eit nærbilete av Munch, mellom anna med vekt på åra i Kristiania og Berlin. I 1892 opna skandaleutstillinga i Berlin, som vart eit gjennombrot.


– Utstillinga vart stengd etter kort tid, og årsaka var at bileta var for radikalt måla. Mange trur at årsaka til stenginga var at motiva var så dristige, men det var av di han var impresjonistisk i stilen. Tyskarane tykte det var skikkeleg ekkelt. Dei meinte at Munch dreiv med griseri og dårleg handverk. Han var rett og slett for moderne for dei, og det tykte Munch var alle tiders. Etter skandalen skreiv avisene side opp og side ned om utstillinga. «Der Fall Munch», vart eit omgrep, og frå å vera ein stor fisk i ein liten dam i Oslo, vart Munch brått europeisk kjendis, og det sette han stor pris på.


Mest radikal
Kverneland viser til at norske biografar ofte er svært mytomane.


– Dei framstiller det som om alle er vonde og ute etter å ta Munch, og at han berre går og lid og har det fælt, men slik var det ikkje. Her i landet vart han sedd på som eit geni frå første stund, og han hadde eit stort kontaktnett blant dei tonegjevande, moderne kunstnarane. Han var aldri åleine med alle mot seg, slik ein kan få inntrykk av, men fekk den støtta og stadfestinga han trong.
Kverneland viser til at Munch var svært produktiv.


– Han arbeidde fort, og mantraet var at det var betre å laga eit bilete som ikkje er perfekt enn å fila på eit bilete. Filer ein, risikerer ein å måla det i hel.


– Er du samd med Munch?


– Ja, men eg filer ofte på teikningar, men det eine utelukkar ikkje det andre. Det som har vorte aller best, er ofte det som er gjort spontant.

Les meir om teikneseriar her!

Heroisk
Bohemtida og bohemane har fått ein naturleg plass i boka til Kverneland.


– Det var ein morosam gjeng av friskusar. Dei hadde store idear og kan minna litt om hippiane. Dei hadde ein visjon om eit mykje friare menneske, og dei var møkkleie av alle streiting­ane. Dei ville leva slik som det var naturleg for menneska, og ville helst sjå bort frå all verdas idiotiske reglar. Og det synest eg dei har mykje rett i. Det var noko heroisk over det. Dei meinte at den frie kjærleiken var det ideelle, men ingen greidde å gjennomføra det i praksis, for alle vart sjalue. Det er morosamt å skildra dette gapet mellom teori og praksis, humrar Steffen Kverneland.

Les saka i Dag og Tid!