Måtte vekk frå universitetet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nei, råd til andre som vil drive med det eg gjer?

Are Kalvø, komikaren, kåsøren, forfattaren, må tenke seg om.

– La vere, ligg unna. Og ikkje høyr på gode råd frå sånne som meg. Hald på med ditt, ver morosam. Og så er det viktig å ikkje omgå for mange folk som driv med det same, det er ikkje sunt. Det hjelper å kjenne folk som ikkje lev av å skrive vitsar.

Sunnmøringen med det satiriske skråblikket har gjort karriere ut av å vere morosam, og er i Bergen i samband med lanseringa av den nye boka hans «Ny grunnlov» – som også har blitt til tv-serien «Riksforsamlinga».

– Dårleg student

Kalvø har fleire gonger blitt kåra til «Norges morsomste mann». Men som student var han ikkje heilt tilfreds.

– Eg var rett og slett ein dårleg student på alle moglege måtar. Eg var av og til på forelesingar og nesten aldri på lesesalen. Eller, eg var aldri på lesesalen, eg leste berre heime. Og tok eksamenar.

Kalvø studerte sosiologi og statsvitskap – og litt kunsthistorie.

– Kunsthistorie tok eg fordi eg måtte ha eit fag til, og kjente nokon som hadde bøkene. Og så var alle forelesingane klokka kvart over åtte om morgonen. Det var perfekt fordi eg var ferdig med studiedagen klokka ti, og kunne gjere ordentlege ting etterpå.

Komikarfaget

– Har du fått bruk for utdanninga di?

– Ikkje kunsthistorie. Av og til i feriane, at eg kan peike på ei søyle. Men statsvitskap og sosiologi har eg hatt stor glede av. Det hjelp å ha lært korleis det politiske systemet fungerer når ein skal lage ei bok om grunnlova. Men eg må jo slå opp mykje likevel.

– Kva appellerte med sosiologien?

– Alt eg er oppteken av handlar om korleis folk oppfører seg mot kvarandre, og kvifor folk oppfører seg som dei gjer. Det er også påfallande mange som har studert sosiologi som driv med humor. Harald Eia, Kjetil Rolness. Det er eit komikarfag.

Den akademiske bobla

Etter fire år på universitetet hadde likevel Kalvø fått nok.

– Eg sleit med å ta akademia heilt på alvor, og då var det kanskje på tide å finne noko anna å gjere.

– Kva var det negative med akademia?

– Det er ei eiga lita verd der folk snakkar eit rart stammespråk som skal beskrive det verda handlar om, samstundes som at det miljøet ikkje er ein del av verda. Det er komisk, og spesielt sosiologi har noko frykteleg komisk over seg fordi ein omtrent ikkje kan sende saltet utan at det er eit uttrykk for eit eller anna.

– Så eg fekk eg med meg nok til at kan gjere narr av det med ei viss tyngd, men ikkje nok til at eg har blitt heilt øydelagt, legg han til.

Meiningslaust å studere

Kalvø er heller ikkje sikker på at vi er eigna som studentar i ung alder.

– Generelt er det heilt meiningslaust å studere i den alderen vi gjer, då har vi ingen føresetnad for å forstå noko som helst. Og med rette er ein langt meir interessert i å gjere andre ting enn å studere. Om det då ikkje hadde vore heilt poenglaust, burde folk studert frå 50- og 60-årsalderen, då skjønar vi jo ting.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

Namn: Are Kalvø.
Alder: 43 år.
Utdanning: Cand.mag i sosiologi, statsvitskap og kunsthistorie.
Karriere: Forfattar, kåsør, tv- og radiosatirikar.

 

Les fleire tekstar av Are Kalvø her!