– Alle er i slekt med alle i Europa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle er i slekt med alle

 

Ei genetisk undersøking viser at alle europearar som lever i dag er etterkomarar av ein kvar europear som levde for tusen år sidan, melder NBC News. Går ein endå lenger tilbake, er alle menneske i slekt med kvarandre.

– Det understrekar kor mange felles historier me har. Du treng ikkje gå tilbake mange generasjonar for å finna ut at alle er i slekt med kvarandre, seier forskaren Graham Coop ved Universitetet i California til NBC News.

LES OGSÅ: Slektsgransking kan bli vanskelegare

Blant slektsgranskarar har det lenge vore kjent at om ein går langt nok tilbake, så er alle europearar i slekt med Karl den Store. Og her til lands er det populært å finna slektslinjene tilbake til Harald Hårfagre.

Tysdag denne veka publiserte Coop og genetikaren Peter Ralph ein studie av genetiske sekvensar frå 2257 menneske frå heile Europa i tidsskriftet PLOS Biology. Studien viser at alle var meir eller mindre i slekt.

LES OGSÅ: DNA avslører Adolf Hitlers jødiske røter

Folk frå Portugal, Spania og Italia var minst i slekt med andre europearar. Dette kan skuldast at det har vore mindre flytting frå desse områda. Aust-europearar var meir i slekt – noko som truleg skuldast folkevandringane for kring 1500 år sidan. Forskarane blei overraska over tyrkarar og britar var meir i slekt med kvarandre enn ein skulle tru.