Aldri sei aldri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Små kår

Justin Drew Bieber er fødd 1. mars 1994 i Stratford i Canada. Foreldra hans gjekk frå kvarandre då han var liten, og Justin vart buande med mora Pattie. Mor og stefar til Pattie var også ein stor del av oppveksten hans – og han heldt kontakt med faren. Medan Justin var barn, hadde familien dårleg råd. Men Pattie oppdaga tidleg at sonen hadde eit musikalsk talent, og innan han var tenåring, var Justin allereie på veg opp over fattigdomsgrensa og til stjernehimmelen.

For sjølv om Justin var mest interessert i fotball og ishockey utanfor heimen, brukte han mykje av fritida si heime på musikk. Han lærte seg å spele trommer, gitar, piano og trompet heilt av seg sjølv, i tillegg til at han song. Då han var 12, melde Pattie han på ein lokal songkonkurranse. Justin kom på andreplass, og for å skryte litt av sonen til familie og vennar som ikkje hadde vore til stades, la mora ein video frå konkurransen ut på youtube.

Youtube
Men det var ikkje berre kjenningar av Pattie og Justin som såg videoen. Scooter Braun fann han heilt tilfeldig medan han eigentleg søkte etter ein annan artist. Han lokaliserte salen Justin song i, og skulen hans, og tok så kontakt med mora for å fortelje henne at han ville jobbe med sonen hennar. Kort tid etter flaug 13-årige Justin til Atlanta i USA for å spele inn demoar.

I Atlanta møtte han artisten Usher, som vart ein slags mentor for han. Usher skaffa Justin platekontrakt på Island Records. Scooter Braun vart manager. Mot slutten av 2008 flytta Pattie saman med sonen til Atlanta, og Justin begynte snart å jobbe i studio. Samtidig oppfordra Braun han til å spele inn fleire songar heime og legge dei ut på youtube. Justin hadde nemleg allereie fått mange fans via Internett.

LES OGSÅ: As long as you love tentamen

Verda over
Debutsingelen One Time kom ut i juli 2009, og vart straks populær. I november kom den sju songar lange EP-en My World, som selde til platinum både i USA, Canada og Storbritannia. Justin opptredde på flust av tv-show den hausten, blant anna i jule-tv-sendinga til Barack Obama. I januar 2010 sleppte han singelen Baby, som vart enormt populær over store delar av verda, og i mars kom debutalbumet My World 2.0. Albumet gjekk rett til topps på Billboard-lista – det hadde ikkje skjedd med ein så ung gut sidan 1963 (med Stevie Wonder, som då var 13).

I juni starta My World-turneen, og i juli var Justin den kjendisen flest personar søkte etter på Internett. Han hadde ei gjesterolle i tv-serien CSI, og gav ut ein akustisk versjon av albumet sitt i oktober. Like over jul kom filmen Justin Bieber: Never Say Never, og eit remix-album med same tittel. Det vart mykje oppstyr då det på same tid vart kjent at Justin var kjærast med skodespelaren Selena Gomez.

QUIZ: Kva veit du om Justin Bieber?

Etter stemmeskiftet
Hausten 2011 begynte Justin å jobbe med nytt materiale. Men før Believe var ferdig, gav han ut julealbumet Under the Mistletoe. I mars 2012 kom singelen Boyfriend, som markerte overgangen til ein meir r'n'b-inspirert Justin Bieber. Albumet kom i juni, like etter at Justin hadde besøkt Oslo. I september la han ut på ein ny turné. Då 2013 starta, var Justin Bieber den største kjendisen på twitter, med over 35 millionar følgarar.

Les fleire saker om Justin Bieber!

Først publisert i Norsk Barneblad!

Faktaboks

 

Musikktips for mai

Justin Timberlake – Pusher Love Girl
The Knife – A tooth for an eye
My Mine – Hypnotic Tango
Acrylics – Sparrow Song
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga – Farvel farvel