Romprosjektet Mars One har fått tusenvis av søknader etter at dei for to veker sidan inviterte folk til å søkje, fortel NBC News.
Målet er å få ein halv million søkjarar å velje blant før fristen går ut 31. august. Alle kan søkje, berre dei har fylt 18 år.
QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?
Mars One har planar om å sende folk til Mars i 2023, der dei skal opprette ein permanent koloni.
Prosjektet er rekna ut å koste rundt 35 millionar kroner og skal finansierast gjennom eit storstilt reality-tv-show av både romferda og livet på den raude planeten. (©NPK)
Kunne du tenkja deg å reisa til Mars og aldri koma tilbake igjen til Jorda?