Flaska vart kasta over bord 
frå det svenske skipet 
M/T «Zelos» i 1961. I år 
dukka flaskeposten opp på Bømlo.

Olav Røli, Sunnhordland.no
Olav Røli, Sunnhordland.no

Det er mars 2013. I fjøra på Nordre Løklingholmen på Bømlo går Anne Britt Løklingholm Leivestad rundt og ser på alt som vinterstormane har kasta på land på holmane som ligg som ein molo mot storhavet. Det er rekved og anna vrakgods, og lite spennande.

Men kilt nedi nokre steinar står ei glasflaske som vekkjer merksemd.

– Det var ei grøn og brei glasflaske, som var korka igjen. Oppå var det ei slags forsegling. Eg tok opp flaska, og såg snart at det er ein flaskepost, fortel Anne Britt Løklingholm Leivestad.

Korken var ikkje enkel å få opp, og ho måtte til slutt knusa flaska for å klara å få ut brevet som låg inni.

– Inni flaska var det litt fuktig. Eg var difor redd eg ville øydeleggja brevet om eg prøvde å dra det ut. Men takka vere forseglinga var innholdet i grei stand, seier ho.

Til slutt får ho ut brevet. Det inneheld ei helsing frå ein 24 år gammal svenske, som er skrive for over 50 år sidan:

«6/2-61. Är ein sjöman på 24 år. Axel Anders Svahn. M/S Zelos. Transoil. Göteborg. Sverige. Hoppas på svar.»


Slik såg brevet ut etter at flaska var opna. FOTO: PRIVAT


– Me var i Murmansk med skipet, så vidt eg kan hugsa. Det var veldig strengt overvaka, og vaktar passa på oss heile tida. Mellom anna så me ikkje skulle kasta noko over bord. Difor vart det snakk mellom oss i mannskapet om å kasta ut ein flaskepost. Det må ha vore då flaskeposten vart skriven.

Hans Krister Hertzberg var berre 16 år då han mønstra på M/T «Zelos» i Göteborg. Det var far hans som ordna han ein plass om bord. Han er den einaste av mannskapet som gjekk om bord på skipet den gongen som framleis lever.

LES OGSÅ: Fann ni år gammal flaskepost

Når Sunnhordland ringjer han, vert han sett ut. Men etter kvart som me les opp informasjon om båten, demrar det for han.

Han meiner skipet var innom Murmansk den gongen på 60-talet. Midt under den kalde krigen.

– For meg var det heilt spesielt å besøka Murmansk som 16-åring. Eg hugsar at eg gjekk på land og bytte vekk jakka mi mot ei «kosakklue», seier han.

Hertzberg hugsar så vidt matros Svahn, men kan ikkje hugsa når flaskeposten vart kasta.

– Jo, når du nemner det, hugsar eg så vidt Axel Anders Svahn. Han var med då me snakka om å kasta flaskepost, seier Hertzberg.

LES OGSÅ: App for tidsreiser

Sunnhordland har ved hjelp av det svenske Riksarkivet, som har henta ut «Sjömannsrulla» for M/T «Zelos» frå 1961, fått meir informasjon om skipet og dei som var om bord. Ved hjelp av arkivet har me også fått meir informasjon om Axel Anders Svahn, som var matros om bord.

Mannen, som var 24 år då han skreiv flaskeposten, var fødd 10. februar 1937 i Estland. Han mønstra på sitt første skip 1. juli 1953 som jungman. Då var han berre 16 år. Seinare vart Svahn lettmatros og matros, og segla på 27 ulike skip, før han mønstra av 5. juli 1970.

I opplysningane står det at matrosen var 179 centimeter høg, hadde blå auge, og mellomblondt hår. Svahn hadde merknad for å ha rømt frå skipet «Monica Smith» i mai 1961, litt over tre veker etter at han mønstra av «Zelos». Kvifor, seier historia ikkje noko om. I ein periode frå 30. juni 1961 til 21.11.1962 var han ute av sjømannsregisteret på grunn av rømminga.

18. juli 1979 døydde Svahn, 42 år gammal.

Han var då busett i Spånga utanfor Stockholm og var ugift. Sunnhordland har ikkje lukkast med å finna fleire opplysningar om Svahn, korkje hjå Kung. biblioteket eller hos Skattverket.

Erling (t.v.), Silje og Malene Løklingholm Leivestad, har fleire gonger funne flaskepostar på Løklingholmen. Ein gong fekk dei svar frå Tyskland. Men dei har aldri funne ein flaskepost frå 1961. FOTO: OLAV RØLI

LES OGSÅ: Slik byrja dei å skrøne i bøker

I heimen til Anne Britt Løklingholm Leivestad, har ho og ungane snakka mykje om flaskeposten. Det er ikkje første gong dei finn flaskepost på holmane.

– Eg trur det har skjedd to gonger før. Me sende brev til nokon i Tyskland ein gong, seier Silje Løklingholm Leivestad, som synest det er spennande med flaskepostar.

Far til Anne Britt, John Løklingholm, har fleire gonger funne flaskepost på holmane.

– Men eg trur det er første gong me finn ein så gammal flaskepost, seier Anne Britt Løklingholm Leivestad.

Les saka i Sunnhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE