Føreslår nye aldersgrenser for film
Medietilsynet føreslår nye aldersgrenser for filmar som blir vist på nett, TV eller kino. Filmane skal delast inn i seks alderskategoriar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Går inn for nye aldersgrenser
Den nye lova som tilsynet føreslår, har denne aldersinndelinga: Tillate for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.
Grunngjevinga er at desse aldersgrensene samsvarer best med utviklingstrinna hjå barn og unge. Blant anna meiner tilsynet det er for stort sprang opp til den lågaste grensa i dag, som er 7 år. Det same gjeld dagens sprang mellom 11 og 15 år.
Medietilsynet trur ikkje endringane vil bli problematiske, sjølv om dei gamle grensene er godt innarbeidde.
– Dei fleste forbrukarar er i dag vande til ulike grenser på ulike plattformer, heiter det i utsegna.
Forslaget kjem fram i ei høyringsutsegn til Kulturdepartementets utkast til ny lov om vern av mindreårige mot «skadelege biletprogram».
Kva synest du? Er det på tide å få nye aldersgrenser for film? Eller funkar det bra som det er i dag?