Ny leiar for 500.000 born og unge

Stian Seland (23) gler seg til å bidra til at norske barne- og ungdomsorganisasjonar skal kunne halda fram med å redda verda.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Under Barne- og ungdomstinget måndag blei Stian Seland (23) vald til ny ledar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Med over ein halv million medlemmar i norske barne- og ungdomsorganisasjonar er det eit mangfaldig og viktig verv han tek over.

– Eg ser fram til å jobba med at organisasjonane skal få gjera det dei kan best. Alle medlemmane våre bidreg på ulike måtar til å forandre verda til det betre, seier han og legg til:

– Alle organisasjonane gjer ein forskjell i verda ved at barn og unge får utvikle seg, engasjere seg og lære ting dei aldri hadde lært andre stader.

LES OGSÅ: Her får du støtte til gode idear

– Myte
Stian Seland ser fram til å leia LNU i tida fram mot stortingsvalet, og jobba for å visa arbeidet som LNU gjer.

– Det er ein myte at born og unge ikkje lenger engasjerer seg i organisasjonsarbeid. Fleire barne- og ungdomsorganisasjonar blir danna, og talet på medlemmar i organisasjonane aukar. At slike mytar får fotfeste er difor veldig leitt. Det gjer det vanskelegare å få til gode rammevilkår for dei meir 500.000 born og unge som engasjerer seg i organisasjonsarbeid, seier Seland.

LNU mobiliserer denne hausten for å heva valdeltakinga blant unge.

– Eg meiner det er viktig at alle unge deltek i demokratiet og er med å bestemme kven som skal styra landet, seier Seland.

LES OGSÅ: – Dei borgarlege partia sviktar dei unge

Nynorskbrukar
Den nyvalde leiaren er fødd og oppvaksen i Oslo, og har vore med i Norges Speiderforbund i 15 år. Han har sete i LNU-styrt det siste året, og har òg hatt tillitsverv frå andre organisasjonar. Han studerer for tida retorikk ved Universitetet i Oslo. Stian Seland skifta hovudmål til nynorsk då han gjekk på vidaregåande, og har vore aktiv i Norsk Målungdom.

– Eg byta for å læra meg nynorsk skikkeleg, seier Seland når Framtida.no spør.

Les fleire saker om LNU her!