Nei betyr nei

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eller, det gjer eg naturligvis ikkje, på dei fleste område. Men dette med at han ikkje er heilt sikker på om han har lyst til å bli statsråd i ei ny regjering, det forstår eg godt.

Eg har heller ikkje lyst til det.

Ikkje i det heile tatt.

Og det er ikkje berre av omsyn til familien. Og det er heller ikkje eit uttrykk for sympati med den eine eller den andre sida i politikken. Eller den tredje, eller kva det no er KrF er ein del av.

Eg ville ha takka nei til å sitte i alle regjeringar. Ei raudgrøn regjering. Ei blåblå regjering. Eller ei gulgrøn regjering, eller kva det no er KrF vil ha.

Uansett: Eg ville takka nei.

No er det sjølvsagt heller lite sannsynlig at nokon kjem til å spørje meg om eg vil vere statsråd. Men det kan skje. Rare folk har blitt spurt om å sitte i regjering før. Og fleire av dei har ikkje hatt vett til å seie nei. Og det dukkar stadig opp behov for nye typar statsrådar. Fleire ønsker seg for eksempel no ein eldreminister. Dermed har ein opna for noko heilt nytt. Frå før har ulike saksområde sine eigne statsrådar: Kultur, økonomi, miljø, helse. Ein liten del av geografien har sin eigen minister: Kystministeren. Noko som merkelig nok har fått skje utan protestar frå folk i innlandet. Og no blir det altså opna for at aldersgrupper kan få sine eigne statsrådar: Eldreminister. Kanskje også ein ungdomsminister? Ein dag i framtida kan det hende vi får ein eigen minister for folk i førtiårskrise. Ein minister som arbeider for offentlig støtte til skilsmisser, dyre hobbiar, alkohol og utanlandsturar for trengande. Alt kan skje. Og ein dag er det kanskje nokon som ønsker seg ein statsråd innanfor saksfelt som eg er som skapt for. Ein popmusikk-, fritids- og tøyseminister, for eksempel. Det kan faktisk skje. Det er berre hårfint rarare enn ein fornyings-, administrasjons og kyrkjeminister. Nei, det trekker eg tilbake. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister er faktisk mykje rarare. Fritid, pop og tøys har i det minste noko med kvarandre å gjere.

Men sjølv om dette skulle skje, at det blei oppretta ein ministerpost for akkurat dei tinga i livet som eg er interessert i, sjølv då ville eg takka nei.

Det verkar som om det er veldig mykje arbeid å vere statsråd. Og ganske mykje kjedelig arbeid. Mykje møte. Mykje å sette seg inn i.

Og så må du ta folk alvorlig, sjølv om du veit med deg sjølv at det ikkje er nokon grunn til å ta dei alvorlig. Opposisjonspolitikarar som du veit kan mykje mindre om eit emne enn deg, som stiller deg dumme spørsmål. Ofte veit dei til og med at det er dumme spørsmål. Dei gjer seg dumme, med vilje, for å kunne kritisere deg. Du veit det. Dei veit det. Alle veit det. Likevel kan du ikkje seie det. Du kan ikkje gå på talarstolen under spontanspørjetimen og seie: «Å kom igjen då!».

Eller du kan, men då får du kritikk frå andre folk som også kan mindre enn deg. Journalistar. Andre opposisjonspolitikarar. Partifeller som er ute etter jobben din.

Og så er det dette med at du aldri har heilt fri. Sjøvsagt har du både fridagar og feriar som statsråd, men du kan ikkje ta heilt fri. For plutselig skjer det noko, og då må du vere der, med ein gong. Klar. Skikkelig. Førebudd. Edru.

Du kan ikkje berre reise på tulltur i fem dagar og skru av telefonen.

Alle menneske bør ha muligheit til å av og til reise på tulltur i fem dagar og skru av telefonen.

Og ærlig talt, det finst folk som ser ut til å like dette med å vere statsråd. Folk som gjerne går i møte, som gjerne aldri skrur av telefonen, som liker å gå i dress og drakt og trivst når det plutselig skjer noko som du må takle.

Kan ikkje dei berre få lov til å halde på då?

Dette vil eg tru det er fleire politikarar som har tenkt. Landet ser ut til å klare seg ganske greitt uansett kven som styrer. La dei som har lyst få halde på. Landet er nok ikkje avhengig av meg.

Eg håper i alle fall det er fleire som har tenkt det. 


Først publisert i Aftenposten 27. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!