spikarkunne

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

eg går og trør fram og attende mellom husi, spelar piano og skriv, tek på meg arbeidshanskar og kløyver ved inni mellom, viss far min har hatt tid til å kappa opp dei stammane me hadde hit frå nedpå bryggja sist helg eller den tysdagen han var heime. eg sit på kontoret mitt og granskar livet på nabogarden, stussar over kva bil det er som køyrer inn og kvifor dei har teke til å bruke marki som innkøyrsle no, dei som har eiga innkøyrsle på andre sida av huset. helsar på hestane utanfor glaset, hentar hunden i andre huset og kastar pinne så singelen sprett kring føtene hans når han snur seg og akselererer alt han orkar.

ein lærer mykje når ein feirar den fyrste våren heime på mange vårar, mange vårar eg har gått og trødd på asfaltvegar og kafégolv, bergteken av kirsebærbløming i paris og forelska i londonske vårskurder, lange netter fram og attende mellom øvingsrom og hybel på sandane, våte heimefestar på sagene og st. hanshaugen. når eg så flaug heim hit, for å vente på våren, var det berre så vidt eg hugsa korleis det eigentleg er å fylgje lærdalsvåren dag for dag, dei grågule markene, dei gråkvite toppane, dei gråbrune greinene, dei kalde nettene, dei sure vindane og dei bråe tilbakefalli av vinter nett når du trudde han hadde gjeve seg for godt.

det var ein slik morgon, ein tilbakefallen vintermorgon, at far min kom bort og banka på døri vår midt i frukosten, og sa "god dag, son, du får koma, no da, so får me opp ei vedakassa før eg må fara". eg tok på meg ei fleecejakke og ei tweedjakke utanpå, for det var ho som hang i gangen, og far min hadde dårleg tid. "må du ha på deg ordentlige klede, no da", sa han då eg kom ut, "ikkje gå slik som ein annan bytosk". eg trekte på meg dei fora arbeidshanskane og tufla etter traktoren ned den smale grusvegen til dei stabla kubikkassene, dekte av tjukk, grå presenning.

det var grenselaust kor kaldt det kjendest denne morgonen, kor indarleg surt marsmorgonvinden bles i kjakane, så eg ville berre bli ferdig fortast mogleg, gjekk laus på plankane som sto spikra fast i vedakassane for å halde presenningi på plass, benda dei ut og slengde dei på bakken, så far min fekk koma til med traktoren.

"me får ta éi til da, når me fyrst driv", ropa han med hovudet ut traktordøri, øvst på, der det hang ei glasrute ein gong, før eg var fødd. det sokk i meg, eg var klar til å slengje over presenningi og springe innatt, men no laut eg stå stilt i kjøldi medan han køyrde opp med fyrste kassa. "beinke spikrane i plankane, du da" ropte han før han for, "me må ha dei på att når me er ferdige".

tre-fire lange plankar og fire-fem spikrar på kvar, alle laut peike i nokon lunde same retningi, så ein kunne slå heile planken innatt i kassa. der sto eg i tweedjakke og fraus, med blånande fingrar på den handi som eg no hadde lote ta ut av hansken. og sjølvsagt var eg ikkje flink, eg var heilt ubrukeleg, eller ikkje heilt ubrukeleg, slik ein retteleg bytosk sikkert hadde vore, berre vanleg dårleg, slik du er når du kjenner at det er altfor lengje sidan du gjorde noko sist.

ikkje vart eg ferdig heller før han kom nedatt etter andre kassa, så eg vart ståande der med blåe fingrar medan han køyrde opp den andre kassa og kom ned att og parkerte traktoren. "har på att presenningi, du da", sa han og forsvann gjennom grindi med hunden, på den smale grusvegen oppatt til tunet. eg beinka og beinka, gnog og gnog, prøvde å spikre på planken, tok han utatt når det ikkje gjekk og beinka meir, slo ut ein spikar her og der når han berre ikkje vart beinare, og hadde i ein ny éin, når eg tykte eg hadde råd til dèt.

det var berre ein vårmorgon, slik eg hugsar no at dei fleste vårmorgonane er her, det er kaldt, bitande kaldt, og vinteren er aldri langt unna. men ved må ein ha, skal ein fyre, og fyre skulle eg, for kaldt var det, og når eg til slutt fekk bore meg inn eit fang med nyoppkøyrd ved og fyrt og laga frukost og vekt kjærasten, hadde eg gløymt at det var kaldt, da var det einaste som sto att for meg at det var vår, og at våren jammen er den finaste tidi på året her omkring.

 

Først publisert på Magasinett.no!