– Vi vil ha meir merksemd rundt dei frivillige drivne kulturhusa som ungdomshusa våre er, seier nyvald leiar i Noregs Ungdomslag, Endre Kleiveland.

NPK
NPK

– Eit stort offentleg kulturhus blir fort eit hus for konsumering og stillesitjande kulturaktivitet. Eit frivillig drive kulturhus er eit hus for opplevingar, skaping og deltaking, seier Kleiveland.

Han meiner dei mange hundre teateroppsetjingane Noregs Ungdomslag set opp kvart år, er eit døme på dette.

– Dette er det vi kallar kvardagskultur, lokalt kulturtilbod nytta og skapt av lokalbefolkninga.

Han trekkjer også fram turneen til Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland i samarbeid med Noregs Ungdomslag.

LES OGSÅ: Krev ENØK-hjelp til ungdomshus

– Dei turnerer over heile landet dette året, med mål om å spela på små kulturhus der folk bur, og gje kulturopplevingar til stader som elles ikkje får høve til det.

Den nyvalde leiaren meiner difor det offentlege må leggja betre til rette for dei frivillige kulturhusa.

– Noregs Ungdomslag (NU) har arbeidd for auka økonomiske rammer til husa våre i mange år, men betalar i dag meir til det offentlege enn me får i stønad. Me betalar til dømes full moms på all

investering, oppussing og nybygg av ungdomshus. Idretten får i dag full momskompensasjon på slike utgifter, og NU krev like vilkår, seier Endre Kleiveland. (©NPK)

LES OGSÅ: Frå Bøndenes hus til Bislett

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE