Dårlege vegar fører til fleire ulykker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette fører til fleire ulykker

Dårleg vegstandard er ein tydeleg gjenganger i årsaka til ulykker med tungtransportkøyretøy, viser rapportar frå Statens havarikommisjon.

Norsk Transportarbeiderforbund har gått gjennom alle rapportane til kommisjonen dei siste åra.

– Dårlege vegar er eit stort problem og fører til mange ulykker. Vi får heile tida inn klager frå sjåførar frå heile landet som synest forfall på norske vegar fører til elendige arbeidsforhold, seier saksbehandlar i forbundet Geir Kvam til Nationen.

Han meiner noko må gjerast med vegstandarden.

– Havarikommisjonen er heilt tydeleg på at vegen i svært mange tilfelle er ein vesentleg del av ulykkesårsaka. Dette er jo noko vi har visst lenge, og vi synest det er veldig merkeleg at ikkje vegen blir oppfatta som arbeidsmiljø, seier han.

Avdelingsdirektør i Havarikommisjonen Rolf Mellum bekreftar at dårleg vegstandard bidreg til dobbelt så mange ulykker som det dårlege førarar gjer. Men han ønskjer ikkje å seie noko om utviklinga i ulykkesårsaker over tid.

– Eg er ikkje sikker på om det er nokon aukande tendens på vegfaktor samanlikna med tidlegare, seier Mellum.

Samferdselsdepartementets statssekretær Lars Erik Bartnes (Sp) meiner norske vegar er blant dei tryggaste i verda. Han meiner vidare at vegane vil bli endå tryggare med prosjekta som er lagt inn i ny nasjonal transportplan. (©NPK)