Heidrar Lars Amund Vaage

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Amund Vaage frå Kvinnherad vinn Nynorsk litteraturpris for andre gong. Lars Amund Vaage mottok prisen for fyrste gong i 1995. Tidlegare prisvinnarar er lagde ut her!

Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som deler ut Nynorsk litteraturpris. Han har blitt delt ut sidan 1982. Juryen for Nynorsk litteraturpris har i år vore Ove Lidvar Eide, Mari Moen og Ragnar Hovland.

Juryen skriv dette i grunngjevinga:
I denne boka gjer forfattaren noko han hevdar han ikkje har våga tidlegare, han går til sine eigne personlege erfaringar, og gir seg i kast med det nesten umulege, skildre korleis det er å følgje oppveksten til ei autistisk dotter. Dottera har aldri evna til å uttrykke seg språkleg, i motsetnad til far sin, diktaren. Vaage klarer å skildre det spesielle slik at det verkar allment. Og det nesten umulege: Korleis menneske eit stykke på veg kan forstå kvarandre utan å kunne kommunisere.

Å skrive om ein person som ikkje kan møte det som blir sagt om henne, fordi ho er ordlaus, driv skrivaren til å reflektere over forholdet mellom kunstens oppgåve og dei som blir skildra i kunstens namn. Slik vert dette også ein roman som inviterer til refleksjon over forholdet mellom ordkunst og røyndom, mellom to slags solidaritetar: til menneska eller til kunsten. Eller kanskje til begge. Og sjølv om dette langt på veg er ei autentisk historie, som er forfattarens eiga, så er det først og fremst ein roman, der fiksjonens grenser blir utforska. I romanen, som er eit ønske frå ein far om å skrive seg inn til dottera si, på å verkeleg sjå henne og gå i djupet av kjenslene sine for henne, ligg det òg ei avstandstaking; det er orda som skil dei, og det er gjennom orda han forsøkjer å nå henne.

I tillegg til alt dette er Vaage ein av dei sikraste og finaste stilistane i Norge i dag, han har ein musikalitet i språket som knapt nokon annan kan vise til. Og slik blir tittelen "Syngja" viktig. Det er ikkje minst gjennom songen at far og dotter kan møtast, som i den vakre sluttscenen der dei syng saman: "Min hatt den har tre kanter."

Les også: Her er Brageprisvinnarane!

Les meir boknytt her!