Fann planetar lik jorda

NASAs romobservatorium Kepler har funne to nye planetsystem med til saman sju planetar. Tre har likskapar med jorda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forskarane kan ikkje seie om det er liv på dei nyoppdaga planetane, men oppdaginga viser at vi kjem nærmare å finne heilt jordliknande planetar, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NTB.
Planetane Kepler-62e, -62f og -69c er såkalla superjorder. Ødegaard forklarer at dei er litt større enn planeten vår, men langt mindre enn store gassplanetar.

Astrofysikaren forklarer at det betyr at overflatetemperaturen på planetane tillèt vatn å vere i flytande form.

– Dette er blant dei mest interessante planetane som til no er funne utanfor solsystemet vårt, seier han.

Kepler-62 er 1.200 lysår frå jorda, i stjernebiletet Lyra.

LES OGSÅ: Trur universet vil gå ut på dato

Steinplanet
I Kepler-62-systemet er det funne fem planetar og i Kepler-69-systemet er det funne to. To av dei går i bane rundt ei stjerne som er mindre og kjøligare enn vår eiga sol.

– Den mest interessante er kanskje 62f som berre er 40 prosent større enn jorda. Han er truleg ein steinplanet.

62e er i den indre delen av den bebuelege sona og er omtrent 60 prosent større enn vår eigen planet.

Den tredje planeten, 69c, er 70 prosent større enn jorda og går i bane i den bebuelege sona til ei solliknande stjerne.

– Samansetjinga til denne planeten er framleis ukjent, men med ei omløpstid på 242 døgn, minner han om Venus i solsystemet vårt, seier Ødegaard.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Milepæl
Dei andre planetane som er oppdaga i dei to planetsystema går i baner tett på moderstjerna si og er for varme til at liv kan eksistere der.

Romteleskopet Kepler har sidan 2009 overvaka 150.000 stjerner på leiting etter små formørkingar som oppstår når jordliknande planetar passerer framfor moderstjerna si.

– Vi kjenner berre til ei stjerne som er vertskap til ein planet der det er liv, og den stjerna er sola. Å finne ein planet i ei bebueleg sone rundt ei stjerne som vår eiga sol er ein milepæl i leitinga etter å finne planetar lik jorda, seier Kepler-forskaren Thomas Barclay i Bay Area Environmental Research Institute i Sonoma i California. (©NPK)

Les fleire saker om verdsrommet her!