Det er selt 67.500 billettar til Justin Bieber sine konsertar i Norge. To av hans største fans bur i Nordhordland.

Yngve Garen Svardal, Nordhordland
Yngve Garen Svardal, Nordhordland

– Eg har nedteljing på telefonen min til konserten byrjar, seier Eline Semmingsen Fivelsdal (13) til avisa Nordhordland.

– Eg er gal etter han

Saman med kusina Sofie Semmingsen Fivelsdal skal dei på Justin Bieber-konsert til veka.

LES OGSÅ: Heilt konge med Bieber

Den canadiske superstjerna vitjar Norge og skal spela tre konsertar i Telenor arena framføre hysteriske tenåringsjenter og foreldra deira.

Sofie har vore fan av stjerna i fire år no, og det var ho som fekk lokka med seg søskenbarnet sitt over i fanskaren.

– Eg vart fan etter konserten i fjor, då vart eg skikkeleg gal etter han, seier Eline inne på rommet til kusina.

– Litt masse tatoveringar

Veggane er dekka frå golv til tak med plakatar, autografar, bilde og andre Justin Bieber-effektar.

Mellom anna autografen hans, som dei fekk i fjor, etter at ein studiokonsert hjå Skavlan vart avlyst.

– Kvifor er han helten dykkar?

– Han er veldig flink til å dansa, synga, spela trommer. Ja, alt mogleg, seier Sofie.

– Er alt han gjer bra?

– Ja!, seier dei i kor.

– Gjer han aldri noko gale?

– Han har jo masse tatoverin-gar no då, kjem det forsiktig frå Sofie.

– Og det er ikkje så kult?

– Jo, men det byrjar å verta ganske mange no …, seier ho.

Som ekte superfans var dei sjølvsagt i Oslo i fjor, då superstjerna og superfansen sette hovudstaden på hovudet.

QUIZ: Kva veit du om Justin Bieber?

Har helsa på stjerna før

Tilfeldigvis klarte dei å få rom på same hotell som superstjerna. Der fekk dei nærkonktakt med Bieber.

– Vi fekk sjå han då han sprang forbi oss i gangen, seier Eline.

Når han gjekk inn i heisen sa han «nice to see you», til jentene.

– Var det stort?

– Ja!

– Kor stort?

– Det største vi nokon gong har opplevd!

Sjølvsagt var dei på plass på operataket også, der han spelte konsert for 25.000 ville tenårin-gar.

Før avreise krinsar tankane deira om Justin Bieber og konserten.

– Eg har drøymt om konserten og at vi fekk snakka med han etterpå, seier Eline.

Og moglegheita for at det kan skje er til stades.

LES OGSÅ: As long as you love tentamen

Draumen er suss og klem
For med maks flaks endar dei nok ein gong på same hotell som Bieber.

– Kva skal de gjera om de får møta han då?

– Då skal eg spørja om autograf, bilde saman med han, klem og ein suss, smiler Sofie.

– Om du får ein suss av han, kva gjer du då?

– Då hoppar eg i taket!

– Og på konserten har eg lyst til å ta handa opp, og så kanskje han tek på den. Då skal eg aldri vaska den igjen, seier ho.

– Men kva om konserten vert avlyst då?

– Då vert eg lei meg. Det er det verste som kan skje, seier Eline.

Jentene seier dei er dei største Bieber-fansa i klassen.

– Dei andre i klassen er lei av å høyra på oss, seier dei og ler.

– I kvar engelsktime må vi fortelja på ein skala frå 1–10 korleis vi har det. I det siste har eg sagt 10 heile tida, då eg gler meg sånn til konserten, seier Eline.

Bieber spelar den 16.,17., og 18. april. Eline og Sofie skal på den fyrste konserten.

Les saka i Nordhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE