– Fotgjengarar må ta ansvar
Trygg Trafikk vil ha ansvarlege fotgjengarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil stilla krav til fotgjengarane
Annakvar dødsulukke med fotgjengarar skjer i gangfelt, og all skuld ligg på bilisten. No vil Trygg Trafikk at fotgjengarane også skal ta ansvar for eigen tryggleik.
I dag vert det ikkje stilt krav til aktsemd for fotgjengarar i gangfelt. I praksis kan ein strene rett ut i vegen, og bilisten ber det fulle og heile ansvaret dersom noko går gale. Trygg Trafikk ynskjer å adoptere den svenske ordninga, der fotgjengarane er pålagde å vurdere avstanden og farten til bilane før dei kryssar vegen.
Direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk trur folk kan kjenne seg så trygge at dei vert aktlause i gangfelta, noko som kan skape farlege situasjonar, både for dei sjølve og for andre trafikantar.
– I tillegg må fotgjengarar ta høgd for at det finst råkøyrarar og rusa eller aktlause bilistar. Difor må folk sjekke at «kysten er klar» før dei skrittar ut i vegen, seier Sandberg.
Ho gjer det likevel klart at ho ikkje ynskjer å rokke ved det at lovverket er heilt klart på sida til fotgjengarane, men vil heller bidra til at færre fotgjengarar vert skadde eller mister livet.
– Vi må spreie kunnskap om risikoen, og fotgjengarane må få eit ansvar for å unngå ulukker, seier Sandberg. (©NPK)
Kva synest du om forslaget om å gjera fotgjengarane meir ansvarlege?