Absolutt velmeint

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Rykker det? Får eg lyst til å gå ut i gatene? Blir eg sint? Får eg lyst til å ta til motmæle? Begynner eg å tenke på noko anna?

Dette gjer eg for å finne ut kva slags kar eg eigentlig er. Er eg ein uinteressert kynikar som latar som eg følgjer med? Er eg ein vitsemakar som kan få det til å verke som om eg meiner noko om kva som helst, eller meiner eg faktisk noko?

Dette er ei fin tid for å stille slike spørsmål. Det er landsmøtesesong, tida då partia ingen stemmer på diskuterer kven dei helst vil styre landet saman med. Å følgje landsmøta til parti som Senterpartiet og Venstre, er litt som å sjå ein pressekonferanse med eit fullstendig ukjent band som seier at dei er villige til å vurdere både Spektrum og Telenor Arena som lokale for sin første konsert.

På den andre sida: Det som er fint med landsmøta, er at der hender det at folk – som regel folk som ikkje er i partileiinga og veit at dei aldri kjem til å hamne der – seier kva partiet eigentlig meiner om saker som dei veit at dei aldri vil få fleirtal for. Det livar opp. Vanligvis høyrer vi meir om kva partia synest andre parti burde meine om det som står i VG akkurat no. Og eg kjenner at eg liker dei nervøse ukjende politikarane som har øvd og øvd og øvd på innlegget dei skal halde, der dei går inn for urealitiske ting med ei innleving og ein argumentasjon som ville fått partileiinga til å himle med auga om det ikkje var for at dei visste at dei blei filma.

Eg liker det. Men ikkje meir. Det gjer ikkje noko meir med meg. Eg smiler skeivt. Nikkar anerkjennande, kanskje. Men ikkje meir enn det.

Er det andre ting i nyheitene dei siste dagane som har gjort noko med meg?

Ein sosiolog har skrive ei bok der ho gir uttrykk for at ho ikkje synest Mette-Marit er eit fantastisk forbilde for kvinner av i dag. Så pussig, tenker eg. Monarkiet er då elles kjent som eit system som ligg i forkant og er cutting edge.

Og elles?

Frp fyller førti. Får det meg til å kjenne noko? Det får meg til å kjenne meg litt gammal, naturligvis. Her snakkar vi om eit etablert politisk parti som er yngre enn meg. Og eg kjende i løpet av jubileumsdagen at det får då vere grenser for kor mange gonger det er artig å høyre Carl I. Hagen og Siv Jensen fortelje dei same anekdotane frå partihistorien. Men det eg først og fremst tenkte medan eg satt og såg på tv-innslaga om Frps historie, var: «Eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for om eg har lyst til å sjå åttitalsklippa av ein dansande Carl I. Hagen i kjeledress.»

Dette er ikkje mykje å skryte av.

Men så! Engasjement!

Etter denne vekas nyheiter om Ryanair, så bestemte eg meg for at eg skal ikkje flyge med Ryanair.

I alle fall ikkje i nærmaste framtid.

Det ville eg forsåvidt ikkje gjort uansett. Mest fordi det er litt upraktisk. Dei flyg frå flyplassar som ikkje ligg så nær plassen eg bur, og ofte til flyplassar som ikkje ligg så nær plassen eg skal til. Dessutan er det ikkje så trivelig på Ryanair. Og så liker eg ikkje at dei behandlar meg som ein idiot («Kom igjen, då, eg veit at denne billetten ikkje kostar null kroner, fortel meg kva han eigentlig kostar, så vi alle kan komme oss vidare i liva våre!?»).

Dessutan har eg likevel ikkje tenkt å reise så mykje i tida framover.

Så ein kan kanskje seie at dette engasjementet ikkje kostar meg så mykje. Men skal engasjement nødvendigvis koste? Dei beste protestaksjonane gjer ikkje det. Eg husker den flotte tida på nittitalet, då vi demonstrerte heftig mot franske atomprøvesprengingar ved å gå ut og drikke spansk raudvin. Eg protesterer daglig mot utviklinga i media ved å la vere å lese ein masse aviser som eg uansett ikkje har lyst til å lese, og la vere å sjå på tv-program eg ikkje er spesielt interessert i. Eg lar også bevisst vere å reise til diktaturstatar som diskriminerer minoritetar. Fordi eg er prinsippfast. Og litt fordi eg har mistankar om at dette ikkje er spesielt trivelige land å feriere i.

Så gjer nyheitene noko med meg? Kjenner eg noko? Rykker det?

Tja. Eg får prøve igjen neste år.

Publisert først i Aftenposten 13. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!