Parkerer Hordfast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag vart Nasjonal Transportplan (NTP) for 2014–2023 lagt fram. På Vestlandet har det vore store forventingar til at NTP ville innehalda konkrete løfter om ferjefri veg mellom Stord og Bergen. Men dei som hadde venta på løfter om strekninga, finn ikkje mykje å gle seg over.

– Eg er utruleg skuffa. Spesielt over at dei ikkje har nemnt Hordfast, seier samferdselspolitisk talsmann i Høgre, Øyvind Halleraker frå Bømlo.

Tidlegare i år kom regjeringa med gladmeldinga om ferjefri veg mellom Trondheim og Kristiansand i løpet av 20 år. Prosjektet skulle kosta 150 milliardar kroner. Aller først i køen stod Rogfast, ein undersjøisk tunnel under Boknafjorden.

Les også: Spretta champagnen for ferjefri veg til Stavanger

Og i NTP er det prosjektet prioritert. Men dei andre fjordkryssingane på E39 er sett på vent.

 
«Arbeidet med å gjere E39 ferjefri starter med bygging av Rogfast. Eventuell rekkjefølgje og traséval for de andre fjordkryssingane er ikkje avgjort,» heiter det i NTP.

 
– Dette er ei nedprioritering av prosjektet,  meiner Halleraker.

Også Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H) er skuffa over NTP.

 
– Når me har kjempa så hardt, og lagt fram så mange analysar over kor viktig ferjefritt samband er for regionen, kjenner eg meg heilt matt når Hordfast ikkje er nemnt, seier Eskeland.

Les også: Millionglis på Stord lufthamn

Allereie tysdag kjem ho til å reisa til Oslo, saman med mellom anna Tysnes-ordførar Kjetil Hestad (Ap). Der skal dei ha møte med Hordalandsbenken på Stortinget.

Debatt: – Rein galskap med ferjefri E39


– I møtet kjem NTP til å verta høgt prioritert, og saka er jo ikkje handsama politisk i Stortinget. Me må bruka dei kanalane me har, seier ho. 

Stortingsrepresentant og medlem i transportkomiteen, Magne Rommetveit (Ap) , meiner Halleraker ikkje har nokon grunn til å vera skuffa.

– Han vel sjølv om han vil vera skuffa over NTP. Me meiner ikkje det er nokon grunn til å vera skuffa, og eg skjønner ikkje kvifor Halleraker kjem med desse kommentarane, seier Rommetveit.


Den tidlegare Stord-ordføraren meiner det aldri har vore snakk om pengar til byggjestart av Hordfast i neste fireårsperiode.

– Men me løyver pengar til planlegging, og ein vil aldri kunne starta opp eit prosjekt utan at ein det er skikkeleg utgreidd, seier han.

Rommetveit gjentek at E39 skal vera ferjefri om 20 år.

– Det er ikkje slik at me no legg Hordfast i ein skuff til etter 2023. Det er feil, understrekar Rommetveit.

Les saka i Sunnhordland!