I ei fjordbygd på Vestlandet vev tekstilkunstnar Karina Siegmund sine eigne moglegheiter.

Faktaboks

 

Tekstilkunstnar Karina Siegmund

• Bur og arbeider i Dale i Sunnfjord. Fødd i Erfurt, Tyskland.
• Har mastegrad og sjuårig kunstutdanning frå Tyskland.
• Kombinerer tradisjonelt tekstilhandverk med moderne teknologi, i form av nye materialar og audiovisuelle media.
• Har mellom anna stilt ut på kunstmessa Talente 2012 i München, Nasjonalmuseet i Oslo, Kunstmuseet i Førde, og Vevringutstillinga.
• Opnar Tekstilfabrikken i Dale 1. mai.

LES FAKTALUKK FAKTA

Aprilsola lagar ettermiddagsskuggar mot kvite veggar bak ein gamal vevstol. Ved sidan av tronar ein kvit og blå vevstol av atskilleg nyare dato, framleis dekkja av bobleplast. Ein kaffetraktar frå nokon sitt loft putrar på eit lite kjøken.

– Her kan du hengje jakka di. Dette er ein gamal vevstol som eg har bygd om til ein pult. Og desse er nokre treplater frå garnbutikken som var her før. Eg vil ha dei her, som eit minne om alt det helvetes oppussingsarbeidet.

Karina Siegmund (33) ler. Omlag samstundes som døra til den nye Tekstilfabrikken i Dale i Sunnfjord gjekk opp, byrja ein ivrig ordstraum å flyte. Eigaren av ordstraumen er ein tysk tekstilkunstnar som er i ferd med å skape noko heilt nytt i ei lita vestlandsbygd.

Verkstad og utstillingar

Tekstilfabrikken er eit tverrfagleg kunstprosjekt, ein møtestad og ein visningsstad for kunst. Her kan kunstnarar leige seg inn og arbeide med vev, tekstil og arkitektur.

Ved hjelp av ein digital vevstol skal dei kunne eksperimentere og arbeide med nye materialar. På visningsveggen vil variert kunst bli stilt ut. Workshops og kulturskulesamarbeid står også på kunstnaren si ønskjeliste.

– Tekstilkunstnarar som arbeider med nye typar materialar har få alternativ. Som regel må ein låne utstyr på kunstskular eller liknande, og då er det gjerne berre når andre har ferie at ein får moglegheit til å arbeide. Så står ein der og vev for harde livet i tolv timar dagleg, medan alle andre er ute og badar. I tillegg er det vanskeleg å få tak i dei spesielle materiala. Tekstilfabrikken skal forbetre vilkåra for kunstnarane, forklarar Karina.

LES OGSÅ: Norske gründer-kvinner halar innpå

Tekstile media

– Med ein digital vevstol kan du lage organiske mønster, med nye typar materiale. Du er ikkje bunden til faste, geometriske mønster slik du er med tradisjonelle vevstolar.

Tekstilfabrikken er fylt av gamle, gjenbrukte gjenstandar som har fått nytt liv. Stoltheita er likevel den digitale vevstolen. Ved å laste fotografi i veven, kan Karina veve unike mønster. Ho eksperimenterer med innovative material, som plast, metall, papirgarn, transparent garn, fiberoptisk garn og garn laga av bananblad.

Tekstile media kallar ho kunstretninga. Det høyrast innovativt ut. Det tykkjer fylkeskommunen Sogn og Fjordane òg, som for tredje år på rad har løyva kulturutviklingsmidlar til kunstnaren.

I år skal midlane gå til å skape aktivitet i Tekstilfabrikken, som sidan november har byrja å ta fysisk form. I mai opnar dørene.

Framtidsorientert

I tolv år har Karina arbeidd med elektroniske tekstilar og innovative material. Ho kom til Noreg i 2005 som Erasmus-student. I 2007 var ho ferdig med mastergraden sin, og etter å ha selt norske genserar til tyske turistar på Bryggen i Bergen oppdaga ho Dale. Ho søkte jobb på designsenteret Transplant, og arbeidde der nokre år, før ho i 2010 var klar for å starte sitt eige.

Karina meiner det kan vere ein fordel å vere kunstnar i distrikta.

– Når folk kjem hit for å arbeide med eit prosjekt, så er det berre det dei gjer. Ein vert ikkje så lett distrahert som ein kan bli i dei store byane. I tillegg er Sogn og Fjordane ein framtidsretta stad. I Dale har vi eit velutvikla kunst- og kulturmiljø, med høg kvalitet, fortel ho, og siktar til institusjonar som Nordisk kunstnarsenter, designsenteret Transplant og det nystarta Preform, som skal gjere Fjaler til eit knutepunkt i bygde-Noreg for kunstproduksjon og kreative næringar.

Kunstnaren er i tillegg med i Fjord Inkubator, som er eit nettverk med andre gründerar, og i kulturprogrammet Fram.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

No risk, no fun

Karina veit ikkje kor lenge ho kjem til å bli verande i Dale, der ho bur saman med si fire år gamle dotter. Med ei god dose stå-på-vilje og ei eiga evne til å ikkje ta eit nei for eit nei, har ho skapt ein spanande arbeidsplass for seg sjølv og for andre.

– Folk her er veldig positive, og eg har fått mykje støtte og hjelp som eg er takksam for, seier Karina.

Ho innrømmer at vegen til Tekstilfabrikken ikkje alltid har vore rett fram. Det har vore avslag på søknader, det har vore lange timar med oppussing, og dei økonomiske kostnadane har vore store. Lokalet som ho investerer i eig ho ikkje sjølve.

– Det er nok litt unorsk å investere så mykje i ein stad ein ikkje eig. Kanskje er det ein tysk tenkemåte. I Berlin er det vanleg. Tomme hus vert raskt gjort om til stader for kunst. Slik er det – no risk, no fun, seier tekstilinnovatøren.

Les fleire saker om entreprenørskap her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE