– Mykje bra norsk dokumentar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opningsfilmen til dokumentarfestivalen i Volda er filmen The Lost Children av David Sullivan. Filmen omhandlar barn av romfolket som lever i slummen i Beograd og opplever ein vanskeleg kvardag på heimefronten og diskriminering av majoritetsbefolkninga på skulen og ute i samfunnet.

Diskriminering og barn vil vera eit tema under festivalen som opnar 24. april. Animasjonsdokumentaren Du velger selvav Kajsa Næss handlarom å vokse opp med ein pappa som sit inne.

– Me har også premiere på filmen "Fjortis og spirituell" som handlar om to ungdommar som skal konfirmere seg, fortel Sigrun Stenseth, pr-ansvarleg for filmfestivalen.

Filmen Blush of Fruit er også eit godt eksempel, meiner ho. Denne omhandlar Tong Phuoc Phuc som driv ein barneheim i Vietnam.

LES OGSÅ: Eksamensfilm kan få Oscar

Unge konkurrerer
Festivalen arrangerer òg KortSagt som er ein kortfilmkonkurranse for ungdom der dei skal visa film om deltakinga til unge i demokratiet. Vinnaren blir kåra onsdag 24. april.

– Og så er det alle talenta blant dei 22 studentdokumentarane. Her er det mykje å sjå fram til! seier Kari Nygård Tvilde. Saman med Øystein Frøyland har ho vore programansvarleg.

LES OGSÅ: Meir vaksne enn dei vaksne

66 filmar
Til saman har dei programansvarlege valt ut 66 filmar av 300 påmelde. Dette er eit lite utval av filmar under tema, i tillegg til filmprogrammet har med eit breitt program med arrangement under festivalen.

– Det er mange høgdepunkt blant filmane i år. Fuck for forest har Noregspremiere på Dokfilm, og det er nok ein film som kan både sjokkera og gi ettertanke, seier ho.

Michal Marczak, som har laga filmen, kjem til Volda for å fortelja om prosjektet. Fuck for Forest blei kjente då to medlemmar hadde sex på scenen medan bandet til Kristopher Schau, The Cumshots, spelte på Quartfestivalen i 2004. Gruppa seier at sex kan redde verda, og sel heimelaga erotiske filmar på internett til inntekt for miljøsaka. Fuck for Forest er usamde i korleis dei har vore framstilt i filmen.

LES OGSÅ: Frå leik til arbeid

– Mykje bra norsk dokumentar
– Elles er Magnus en vårdag ein film som er verdt å få med seg, då ein følgjer narkomane Magnus ein heil dag. Ein sterk film som kanskje visar ei litt anna side av debatten.

– Me har mange bra premierar i år og sjølvsagt opningsfilmen "The Lost Children". Alt i alt er programmet fullspekka med høgdepunk. Det at me har 33 norske filmar visar at det blir laga utruleg mykje bra norsk dokumentar, seier Kari Nygård Tvilde.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Faktaboks

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er den største og eldste av sitt slag i Noreg, og vart arrangert fyrste gong i 1997. Kvar vår møtes filmskaparar og publikum i Volda, for å sjå dokumentarfilm og for å bli inspirert av kvarandre. Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå lokale krefter.