Bjørn Sortland debuterer med teater og film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debuterer med teater og film

Han har skrive teaterframsyninga «Vinn & forsvinn» som i desse dagar har premiere på Rogaland Teater. Fredag 12. april er det i tillegg kinopremiere på den første filmen hans «Blåtur».

Teaterframsyninga «Vinn & forsvinn» er skrive for og blir framført av ungdom. Stykket blir omtalt som eit realityshow om døden. I showet møter vi seks unge menneske i den siste veka av liva deira, fortel Vårt Land.

Teaterframsyninga til Bjørn Sortland er ein del av satsinga Den Unge Scene (DUS). Unge dramatikarar blir der inviterte til å skriva nye stykke som blir stilt til disposisjon for ungdomsteater rundt om i landet.

Filmthriller
Med filmen «Blåtur» debuterer Bjørn Sortland både som manusforfattar og filmprodusent.

– Det er ein thriller, men han følgjer ikkje heilt oppskrifta, seier han til Vårt Land.

Avisa fortel at filmen handlar om ei jente som vil testa kor høgt kjærasten eigentleg elskar henne. For å finna ut dette, tek ho med seg kjærasten på ein hemmeleg overraskingstur til eit nedlagt asyl.

I hovudrolla møter vi skodespelaren Berte Rommetveit som er mest kjend frå filmen «United».

LES OGSÅ: Berte er klar for filmen igjen

Ny bok
Bjørn Sortland er kjend som ein produktiv fyr. I tillegg til å debutera med teater og film, kjem han til hausten ut med ein ny roman. Denne gongen ein slag e-postroman for ungdom som er skriven i samarbeid med forfattaren Tyra Teodora Trondstad, fortel Vårt Land. (©NPK)