Slik klargjer du sykkelen til våren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det er den tida av året. Påska er over, skia pakkast vekk, og sykkelen takast fram. Det sikraste vårteiknet på eit elles forblåst og regntungt vestland er syklistar på vegane.

Men rustent, ujustert og knirkete utstyr kan fort gjere opplevinga på to hjul mindre god enn ein skulle ønskje.

– Det er veldig varierande kor flinke folk er til å ta vare på sykkelen. Enkelte er flinke, men det er òg dei som lar sykkelen stå ute i regnet heile vinteren og er overraska over at ikkje alt fungerer når dei tek han fram att om våren, fortel sykkelkyndige Tore Sørheim ved GSport Volda.

Ifølgje Sørheim er tre ting du MÅ gjere før du tek med deg sykkelen ut på tur:

1) Sørgje for at bremsene fungerer

Alle typer bremser treng ein sjekk før ein tek i bruk sykkelen. Skivebremser (som det er bilete av her) kan det ofte vere lurt å få kyndige folk til å sjå på. Klassiske felgbremser, derimot, kan ofte den vanlege mannen i gata få til å fungere. Sjekk at bremseklossane ikkje er nedslitne, og ha eit auge med at bremsewiren er heil. Foto: Magnus Krogsæter Aarre

2) Justere girsystemet

Gir som "hoppar" er meir irriterande enn det meste. Ta med sykkelen til næraste sykkelbutikk for å få girsystemet justert optimalt. Det ein kan gjere sjølv er å sørgje for at kjede, kassett og wire vert olja med jamne mellomrom, samt at ein held systemet relativt fritt for rusk. Den største synden er sjølvsagt å la sykkelen stå ute i regn og snø – det gjer du dersom du vil kaste pengar ut vindauget. Foto: Magnus Krogsæter Aarre


3) Pumpe opp dekka

Å pumpe luft i dekka er noko alle kan klare. Følg anmodninga om lufttrykk som står på dekket for å få dekk som er tilpassa din bruk. Hugseregel: dekk med for lite luft rullar sakte, medan dekk med for mykje luft punkterer fort. Foto: Magnus Krogsæter Aarre


PS! Hugs at refleks og lys er både påbode og viktig.

Les saka på Nernett.no!